Fiske i sjø

Laks og sjøaurefiske i sjø

Fiske med stong og handsnøre 

Fiske med stong og handsnøre etter laks og sjøaure er lov heile året i Hordaland og Sogn og Fjordane, med unntak av indre del av Hardangerfjorden. I tillegg kan det vera andre reguleringar av fisket i fredingssoner/utvida munningssoner. Fiskeforbodet i Hardangerfjorden gjeld innanfor ei linje ved Bleiknes ved Husnes til Ystadnes ved Ølve i Kvinnherad kommune i perioden 1. mars til og med 30. april. 

Ved fiske frå land er det lov å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er lov med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det lov å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

I tillegg til agntypane som er lov å nytte i ferskvatn, er det i sjøen òg lov med anna agn, som t.d. brisling og reke.

Utanfor alle vassdrag der det går laks og sjøaure gjeld det særskilte reglar:

I munnings- og fredingssoner (utvida munningssoner) er det berre lov å fiske etter anadrome laksefisk i den tida vassdraget er ope for sjøaurefiske. I fredingssoner som omfattar fleire vassdrag, fylgjer fisketida reguleringane for sjøaure i det strengast regulerte vassdraget. I fredingssona utanfor 100–metersgrensa grense elv – sjø, er det lov å fiske etter marine artar heile året. 

Frå grense elv – sjø og 100 meter ut er alt fiske forbode. Unntaket er fiske med stang og handsnøre frå land etter marine og anadrome artar, i den tida vassdraget er ope for fiske etter laks og eller sjøaure. Fiske etter laks og sjøaure fylgjer fisketida til den aktuelle arten av anadrom laksefisk i vassdraget.

Tilleggsreglar for Hordaland

  • I perioden 15. mai - 30. september er det fiskeforbod ved Straume bru. Frå om lag 40 meter nedstraums Straume bru, til laksegilja oppstraums Straume bru.

Oter

Fiske med oter er lov frå 1. oktober til 28. februar, med unntak av Sørfjorden i Hardanger innanfor ei linje frå Trones til Kyrkjenes, Sognefjorden innanfor ei linje frå Ortmark til Nessane, Eidsfjorden innanfor ei linje frå Hamnneset til Høynes, Nordfjord innanfor ei linje frå Hyeneset til Lotsstrandebøen og Førdefjorden innanfor Ålesundet.

Fiske med fastståande reiskap etter laks og sjøaure

Fiske etter laks og sjøaure med kilenot, lakseverp og krokgarn (med fellesnamnet fastståande reiskap) krev at du har fiskerett eller løyve frå grunneigar og at du registrerer deg for fiske hjå Statsforvaltaren. Du må betale statleg fiskaravgift for å delta i dette fisket. Fiske med fastståande reiskap er knytt til grunneigarretten.

Berre Dalsfjorden og Nordfjord er opna for fiske med fastståande reiskap. Merk at det kan vere ulik fisketid mellom dei ulike områda. Fastståande reiskap må ikkje setjast nærare enn 100 meter frå elvemunning/grense elv-sjø, eller i fredingssoner. 

For å delta i fisket med fastståande reiskap må du registrerer deg i Lakseregisteret – sjølaksefiske 1 månad innan fisket tek til. For fisketider med fastståande reiskap i sjø, sjå

Nedsenking av garn

I perioden 1. mars - 30. september er det nedsenkingspåbod av garn. I Hordaland må alle garn som har maskevidde over 32 mm senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under overflata. For Sogn og Fjordanen gjeld nedsenkinga alle maskevidder.

For Hardangerfjorden innanfor Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, og heile fjordsystemet rundt Osterøy innanfor Nordhordlandsbrua gjeld nedsenkingskravet alle maskevidder.

Påbodet om nedsenking gjeld ikkje yrkesfiskarar som fiskar etter anna fisk enn laksefisk.

Ingen garn kan setjast nærare 100 meter frå elvemunningane. Innanfor fredigssonene i Hordaland skal alle garn, uansett maskevidde, senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 5 meter under overflata. I Sogn og Fjordane er dette kravet minst 3 meter under overflata. I nokre fredingssoner er det heilt forbod mot garn- og/eller notfiske.

Merking av reiskap

Reiskap skal vera tydeleg merka. Setjegarn skal merkast med namn og adresse. Fastståande reiskap skal merkast med fylkesregistreringsnummer eller SSB nummer.

Fredingssoner

Det er innført fredingssoner (utvida munningssoner) utanfor ei rekkje vassdrag. Fredingssonene er skilta. Nokre fredingssoner har ekstra strenge reglar for fiske med not- og garn etter marine artar, sjå

Fiske med teiner og ruser etter marine artar i fredingssonene

I Hordaland gjeld desse reglane for fiske etter marine artar med teiner og/eller ruser i fredingssonene:

  • Heile fangstdelen skal vere minst 5 meter under overvflata, og ingen del av reiskapen kan stå nærare grense elv-sjø (elvemunninga) enn 100 meter. Nedsenkingspåbodet gjeld heile året, og gjeld òg for reiskapen til registrerte fiskarar.
  • Påbodet om nedsekning gjeld ikkje teiner utan ledegarn.
  • Påbodet om nedsenking gjeld ikkje ruser til fangst av marin fisk der ringar og ledegarn ikkje er høre enn 60 cm, ledegarnlengde maksimalt er 9 meter og maksimum maskevidde er 17,5 mm halvmaske (36 omfar)

I Sogn og Fjordane:

  • Heile fangstdelen må stå minst 3 meter under havoverflata. Påbodet om nedsenking gjeld heile året, og gjeld òg for reiskapen til registrerte fiskarar. Ingen del av reiskapen må stå nærare grense elve-sjø enn 100 meter.