Kari Støfringsdal frå Vestland er nominert til Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris

Kari Støfringsdal formidlar bakekunst Foto: Marit Hjortung SFVL.

Fjordamattunet i Jølster er hjartet i formidlinga av kompetanse om tradisjonsmat og matkultur. I bakstehuset får de matopplevingar, matkurs og måltid forutan at det er ein møteplass for sosiale treff og faglege samlingar.

Publisert 08.01.2024

Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari sitt store engasjement for tradisjonar og kultur kring mat, og det er tilrettelagt eit unikt aktivitetssenter med vekt på formidling. I det gamle mjølkerommet og grisefjøsen er det bygd eit nytt kjøkken med vedfyrt bakaromn. Her lagar ein mat i fellesskap, og det gode måltidet er ein svært viktig del av total opplevinga: lære, oppleve og nyte. I flukt med kjøkkenet har Kari direkte inngang til den gamle låvebygningen, der familien har halde bryllaup og arrangert konsertar.

Fjordamattunet tilbyr kurs i tradisjonsbakst som lefse, flatbrød, potetkake og svelekake. I den vedfyrte bakaromnen lagar dei pizza og bollar, gode brød med både gjær og surdeig.

Bonden og husstellæraren har også vore med å forfatte fleire bestseljande kokebøker som "Ta kaka" og serien om Fjordamat. Vestlandsmaten står hennar hjarte nærast, og Kari meiner at ein godt kan eksperimentere og putte litt chili i raspeballane. Kari har vore sentral i oppbygginga av Norges Bygdekvinnelags nettstad om tradisjonsmat.

Om prisen, dei tre andre nominerte og stiftinga som står bak prisen kan du lese meir om på nettisda til Stiftelsen Norsk Mat.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.