#Klimaomstilling2023

Dato:
3. mai 2023 09.00 - 4. mai 2023 14.30
Sted:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
NVE, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Vestland fylkeskommune, Norsk senter for bærekraftig tilpassing, Vestlandsforsking, Universitetet i Bergen, CET Senter for energi og klimaomstilling, Innovasjon Noreg, Klimapartnere
Påmeldingsfrist:
18. april 2023 23.59

Korleis kan vi som samfunn få opp tempoet i klimaarbeidet? Den nasjonale konferansen #Klimaomstilling i Sogndal set i år søkelys på dei vanskelege vala samfunnet står overfor i klimaarbeidet.

Publisert 10.03.2023

I dei komande åra skal mykje gjerast. Innan 2030 skal Norge ha kutta utsleppa av klimagassar med 55 prosent og vere på god veg til å innfri fleire av berekraftsmåla. Det har lenge vore tydeleg kor dårleg tid verda har til å få til ei radikal endring av måten vi lever på. Kvifor er vi ikkje komne lenger i denne endringa når vi veit kor stor skade klimaendringane kan gjere?

For å nå 2030-målet må vi sjå reelle utsleppskutt i alle delar av samfunnet. Det betyr at vi som samfunn må bruke store ressursar på klimatiltak. Korleis kan vi drive klimaarbeidet framover i lag samtidig som vi passar på at det ikkje går ut over andre viktige omsyn? Dette skal vi dykke ned i på #Klimaomstilling i Sogndal 3.-4. mai.

Vi tek for oss tre område der det idag finst store målkonfliktar:

  • Sosial berekraft: Klimatiltak råkar folk ulikt og kan gjere sosiale skilnader større. Korleis kan vi sikre at klimatiltaka er rettferdige for alle?
  • Arealpress og energibruk: Grøn omstilling blir ofte brukt som argument for å bygge ut fornybar energi. Korleis kan vi møte det aukande behovet for ikkje-fossil energi på ein måte som òg ivaretek naturmangfald?
  • Sirkulærøkonomi: Økonomisk vekst vil for fleire vere eit urokkeleg premiss, og er i dei fleste tilfella kopla til høge klimagassutslepp. Korleis kan vi legge til rette for ein økonomi som legg større vekt på berekraftig ressursbruk?

Kveldsprogram

Klimaarbeidet engasjerer også folk som ikkje jobbar med klima til vanleg. Difor legg arrangørane opp til å invitere inn eit større publikum utanfor konferansen til eit kulturelt kveldsprogram i litt lausare rammer. Der vil vi nærmar oss klimakrisa frå ein litt annan vinkel.

Les meir, sjå program og meld deg på her (klimaomstilling.no).

Dato:
3. mai 2023 09.00 - 4. mai 2023 14.30
Sted:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
NVE, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Vestland fylkeskommune, Norsk senter for bærekraftig tilpassing, Vestlandsforsking, Universitetet i Bergen, CET Senter for energi og klimaomstilling, Innovasjon Noreg, Klimapartnere
Påmeldingsfrist:
18. april 2023 23.59