For andre år på rad er det færre som får sosialhjelp

I 2021 var det 13 224 personar i Vestland som fekk sosialhjelp. Det er seks prosent færre enn året før. I 2020 var det 14 029 som fekk sosialhjelp, og i 2019 var det 15 453

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.04.2022

Det er tal frå kommunane si rapportering i Kostra (Kommune-Stat-Rapportering) som viser dette.

Endringa i talet på mottakarar av sosialhjelp

Det var 28 kommunar i Vestland som hadde reduksjon i talet på sosialhjelpsmottakarar, medan 12 kommunar hadde auke. Dei siste tre kommunane hadde ingen endring frå 2020 til 2021.

Desse fem kommunane hadde flest sosialhjelpsmottakarar i 2021:

Kommune 2020 2021 Endring
Bergen 7 009 6 771 -3 %
Øygarden 1 054 954 -9 %
Askøy 586 555 -5 %
Alver 552 519 -6 %
Sunnfjord 491 446 -9 %

 

Heile oversikta over sosialhjelosmottakarar i Vestland i 2021 kan du finne i dette dokumentet.

Utbetalingar av sosialhjelp har også gått ned

I 2021 betalte kommunane i Vestland ut 667 millionar kroner i sosialhjelp. Dette er ein nedgang på fem prosent frå året før. I 2020 betalte kommunane ut 704 millionar, og i 2019 betalte dei ut 748 millionar.

I alt 30 av kommunane i Vestland hadde reduksjon i utbetalingane av sosialhjelp i 2021, medan 13 kommunar hadde auke.

Desse fem kommunane betalte ut mest i sosialhjelp i 2021:

Kommune 2020 2021 Endring
Bergen 400 711 901 393 529 530 -2 %
Øygarden 49 646 450 46 218 781 -7 %
Askøy 31 715 595 26 472 412 -17 %
Alver 23 881 596 24 324 409 +2 %
Voss 15 394 399 19 104 320 +24 %

 

Heile oversikta over utbetaling av sosialhjelp i Vestland i 2021 finn du i dette dokumentet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.