Søknad om statstilskot for trus- og livssynssamfunn

Søknader om statstilskot skal sendast via ny digital løysing, og frist er utsett til 9. april 2021. Statsforvaltaren i Agder er kontaktpunkt for informasjon og rettleiing om spørsmål til statstilskot.

Publisert 19.02.2021, Sist endret 24.02.2021

Det er etablert ei ny digital løysing for trus- og livssynssamfunn. Søknader om statstilskot og innsending av årsmelding, rekneskap m.m. skal frå i år sendast inn digitalt.

Meir informasjon om m.a. søknad for tilgang til løysinga og lenke til søknadsportal finn de her.

Frist for innsending av søknad om statstilskot er utsett frå 1. mars til 9. april 2021.

Har du spørsmål knytt til søknad om statstilskot?

Frå 1.januar 2021 har Barne- og familiedepartementet (BFD) bestemt at Statsforvaltaren i Agder skal overta oppgåvene som vi tidlegare har hatt på dette fagområdet.

Spørsmål til nytt lovverk og ny digital løysing for søknad om statstilskot skal rettast til Statsforvaltaren i Agder.

Ved eventuelle tekniske problem med den digitale løysinga, finns det informasjon og lenke til kontaktskjema her.

Viktig informasjon om søknad om statstilskot

Frist for søknad om statstilskot er utsett til 9. april 2021.

Statsforvalteren i Agder er kontaktpunkt for alle spørsmål om statstilskot og ny lov om trus- og livssynssamfunn.