Alle elevar skal lære om samar og samiske tilhøve i skulen. Retten til å få undervisning i samisk språk og undervisning i samisk i andre fag, er ulik innanfor og utanfor dei samiske distrikta. I dei samiske distrikta er samisk og norsk jambyrdige.
01.09.2022
Alle som arbeider på skulen skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle og ved mistanke om eller kjennskap til at ein vaksen utset ein elev for krenkingar.
29.08.2022
I tråd med innføring av nye læreplanar er det utarbeida nye, digitale kartleggingsprøvar. I haust er det obligatorisk for 3. trinn å gjennomføre kartleggingsprøvar i lesing (norsk og samisk) og rekning.
24.08.2022
Ullensvang kommune har gjort vedtak om endring av leiarstruktur i fleire barnehagar. Vi har i lovlegkontroll konkludert med at vedtaket er ugyldig, og har difor oppheva vedtaket.
18.08.2022
Statsforvaltaren har ført tilsyn på spesialundervisning. Vi har funne brot på reglane om innhald i sakkunnig vurdering og vedtak, mellom anna når det gjeld kompetansemål for eleven.
16.08.2022
Utdanningsdirektoratet har laga digitale kompetansepakkar om trygt og godt miljø i barnehage, skule og SFO.
15.08.2022
Ei ny kartlegging viser at fleire kommunar i Vestland treng betre planar for å sikre at tilsette som møter barn og unge har naudsynt kompetanse til å fange opp og følgje opp tilfelle av vald og overgrep.
04.08.2022
Utdanningsdirektoratet har laga ei oversikt over endringar og nyhende for SFO og skule.
26.07.2022
Nasjonale prøvar er obligatoriske. Føremålet med prøvane er å gi skulane kunnskap om elevane sine grunnleggande dugleik i lesing, rekning og engelsk. Informasjon frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.
12.07.2022
Stortinget vedtok 1.august 2022 nye føresegner om samarbeid, samordning og barnekoordinator i 14 velferdstenestelover.
11.07.2022, Endret 19.09.2022