Frivillig vern av skog - To område vert tilrådd til vern
Statsforvaltaren har sendt vår tilråding til Miljødirektoratet om vern av Skriufjellet i Seljord og utviding av Omflug naturreservat i Notodden.
Omflug naturreservat i Notodden
Området ligg mellom Follsjå og Tinnsjå, og utvidelsesområda vil sammen med fleire andre naturreservat og tilbud i regionen bidra til å bevare svært viktige areal med brannpåvirka furuskog. Næraste verneområde med tilsvarande verneverdi er Skitnebufjellet og Kopslandsåsen, og Stormyråsen naturreservater.
Føremålet er å bevare eit område som representerer ein viss type natur i form av eit storområde med førekomst av grovvakse og stadvis gammal furu-, gran og ospeskog med innslag av rik edellauvskog som går frå låglandsskog til øvre fjellskogbelte og som inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur i form av mange sjeldne og trua artar av sopp, lav og karplantar.
Skriufjellet i Seljord
Området er lokalisert på nordsida av Seljordsvatnet – ca. 15 km søraust for Seljord sentrum. Området ligg knapt 400 meter frå naturreservatet Hønsejuvet, og i same avstand frå Heggeneset naturreservat. Saman vil desse områda danne grunnlaget for eit sterkt økologisk nettverk i denne delen av fylket
Føremålet med naturreservatet er å verne eit område i låglandet som representerer bestemde typar natur i form av kalk- og lågurtfuruskog, lågurtedellauvskog , fosseberg og bekkekløftar. Området har særskild betydning for biologisk mangfald på grunn av styvingstre, gammal skog med mykje daud ved, samt sjeldne og trua artar av karplantar, sopp, mose, lav og insekt. Det er ei målsetjing å behalde verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Dokument
- Omflug: Utgåande brev.pdf
- Omflug: Tilrådingsdokument.pdf
- Omflug: Forslag til verneforskrift.pdf
- Omflug: Kart i A3-format_juni2026.pdf
- Omflug: Høyringssvar.pdf
- Skriufjellet: Utgåande brev.pdf
- Skriufjellet: Tilrådingsdokument.pdf
- Skriufjellet: Forslag til verneforskrift.pdf
- Skriufjellet: Kar i A4-format_mai2026.pdf
- Skriufjellet: Høyringssvar.pdf
Kontakt oss
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Telefon til vårt sentralbord: 33 37 10 00