No kjem forventningsbrevet for 2027
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har, saman med andre regionale statsetatar, utarbeida eit brev med statlege forventningar til kommunane for 2027. Brevet blir sendt ut til kommunane med utgangspunkt i vår rolle som formidlar av nasjonal politikk til lokalt nivå.
Få oversikt over statlege forventingar
Føremålet med dokumentet er å legge til rette for effektiv styringskommunikasjon, mellom anna ved å klargjere ansvaret til kommunane og det lokale handlingsrommet. Brevet er ikkje ei fullstendig oppgåveliste. Statsforvaltaren ønsker å peike på områda som vil ha særleg merksemd i perioden framover, og bidra til ei felles forståing av dei nasjonale måla og forventningane til kommunane.
Lenke til forventningsbrevet (PDF) finn du under.