Korallane vi har i våre farvatn veks på djupt vatn og svært sakte. Nokre korallrev kan vere nærare 9000 år gamle, og korallane veks berre nokre millimeter i året, seier rådgjevar Ellisiv Tomasgard Raftevold ved klima og miljøavdelinga hos Statsforvaltaren i Trøndelag.
Korallrev og korallskogar er viktige leveområde for både små og store dyr, og legg grunnlaget for unike økosystem. Strukturane som korallane byggjer, gir skjul og oppvekstområde for fisk og fiskeyngel, og er levestad for smådyr som igjen er mat for større dyr.
Det er derfor ofte mykje fisk i område med korallrev. Samtidig kan fiskeutstyr som kjem i kontakt med botnen, skade korallane. Ved å velje fiskeområde og fiskemetodar med omsyn til korallane, kan du bidra til å ta vare på desse viktige leveområda.
I Trondheimsfjorden har vi fleire korallrev og korallskogar. Desse områda er viktige å ta vare på for å sikre dei rike økosystema dei legg til rette for.
Mange ønsker betre informasjon
Statsforvaltaren gjennomførte i vinter ei spørjeundersøking om fiskeaktivitet i Skarnsundet og Tauterryggen marine verneområde. Over 800 personar frå området svarte på undersøkinga om fiskevanane sine.
- Undersøkinga viste eit stort engasjement for fjorden, og tre av fire som svarte hadde allereie kjennskap til dei sårbare korallførekomstane. Fleire etterlyste samtidig betre kartbasert informasjon om kvar det finst sårbare korallar, og praktiske råd om fiskemetodar som kan redusere kontakt med botnen, seier Ellisiv Tomasgard Raftevold.
No finn du informasjon ved Skarnsundet og Tauterryggen
For å gjere informasjonen meir tilgjengeleg har Statsforvaltaren sett opp nye informasjonstavler på fire forskjellige knutepunkt ved Skarnsundet og to ved Tauterryggen.
|
Tavlene viser kart med omsynssoner og anbefalte fiskeområder.
I omsynssonene er det spesielt sårbare korallførekomstar, og vi ber om at ein unngår fiske i desse områda. I dei anbefalte fiskeområda kan ein fiske med mindre risiko for å kome i kontakt med korallane. Vi oppmodar likevel til å unngå å sleppe fiskereiskap heilt ned til botnen.
|
På informasjonstavlene finn du også ein QR-kode. Ved å skanne denne kan du få kartet med omsynssoner og anbefalte fiskeområde direkte på telefonen.
Kartlegg fiskereiskap som skadar korallane
NINA har eit pågåande prosjekt der dei kartlegg fiskereiskap og undersøker korleis desse påverkar korallane i Trondheimsfjorden.
Så langt er det funne store mengder fiskereiskap som har sett seg fast i korallar ved både Rødberget, Tauterryggen og Skarnsundet. Reiskap som blir sitjande fast, kan slite på korallane når dei blir flytta av straumen. Dei kan også vere ein fare for dyrelivet på og rundt korallreva, mellom anna fordi dyr kan setje seg fast. Fiskereiskap som blir ståande att i sjøen, kan dessutan halde fram med å fange dyr, såkalla spøkelsesfiske.
Slik kan du ta omsyn til korallane
Det viktigaste du kan gjere for å bidra til å ta vare på korallane, er å unngå å fiske i dei mest sårbare korallområda (omsynssonene) og å unngå å sleppe lodd og fiskeutstyr ned til botnen.
For å unngå å sleppe lodd heilt ned til botnen går det til dømes an å bruke ekkolodd.
- Det som er bra for fisken er bra for fiskaren også, seier rådgjevar Ellisiv Tomasgard Raftevold hos Statsforvaltaren i Trøndelag.