Krevande sommar
Trøndelag har hatt ein sommar og haust med svært krevande ver. Dette har gjort at mange ikkje har fått til å spreie siste rest av husdyrgjødsla for å ha tilstrekkeleg lagerkapasitet for vinteren.
Etter forskrift om lagring og bruk av gjødsel er 15. september siste frist for spreiing av organisk gjødsel på eng utan nedmolding. Her skal det og same år haustast avling ved slått eller beiting etter siste gjødsling. Dersom gjødsla blir nedmolda er siste frist for spreiing 1. november.
Vilkår for gjødsling etter 15. september:
- Det kan maksimalt spreiast tre kg ammonium-N per daa, normalt 3-4 tonn gjødsel per daa.
- Det kan ikkje spreiast nærare opent vatn enn 10 meter.
- Eng som kan bli fløymd over ved flaum, skal ikkje gjødslast.
Forlenging av spreiefristen kan medføra auka fare for tap av næring til vatn enn spreiing innan fristen. Dersom fristen ikkje vart forlenga ville ein truleg få auka omfang av spreiing med nedmolding, der fristen er 1. november. Statsforvaltaren vurderer at ei slik nedmolding i år truleg vil måtta gjerast under dårlege tilhøve og med auka fare for avrenning av både jord og næringsstoff. Vi forventar at ein det av næringsstoffa i den gjødsla som blir spreidd på eng blir tatt opp i graset før vinteren set inn.
Ikkje farleg
Statsforvaltaren si totalvurdering er at når sommaren og hausten har vore vanskeleg, så vil ei lita forlenging av fristen ikkje gje redusert måloppnåing av forskrifta samanlikna med å spreie innan fristen under umogelege og svært ugunstige tilhøve. Krava om avstand til vatn, avgrensa gjødselmengd, samt ikkje å tillate spreiing på flaumutsett areal, reduserer fare for tap til vatn.