To feil i søknadsskjemaet for regionale miljøtilskott

Publisert 8. oktober kl. 12:09

Det har vore to feil i søknadsskjemaet for regionale miljøtilskott. Spesielt om du søkte tilskott før 1. oktober bør du vera merksam på den eine av desse.

Pr. 8. oktober 2026 har det vore to kjende feil i søknadskjemaet som søkarane bør vera merksame på:

  • fram til 1. oktober kunne ein ikkje teikne inn drift av bratt areal i kombinasjon med ein del andre tiltak. Feilen vart retta 1. oktober kl. 15.08. Viss ein fylte ut søknaden før dette tidspunktet og har søkt på bratt dyrka mark og andre tiltak på det same arealet, bør ein sjekke søknaden og eventuelt rette han opp og sende inn på nytt.
  • i søknadsskjemaet står det under «Egenerklæringer» fire spørsmål som søkaren skal svare på. Det fyrste er:  «Jeg har gjødslingsplan i samsvar med krav i forskrift om gjødslingsplanlegging.» Dette spørsmålet viser til eit utgått regelverk og er derfor ikkje lenger relevant. Spørsmålet har ikkje vore mogleg å fjerne utan at det fører til andre feil i søknaden. Den som søker kan krysse av for «Ikke relevant». 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for mer informasjon.
Thomas-Erik Smeby
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Stig Horsberg
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet