Verprognose fire veker fram i tid
Mange bønder får i dag tilsendt gratis vêrprognosar kvar veke. Dette kan vere eit godt hjelpemiddel i planlegging av arbeid gjennom vekstsesongen.
Vêrprognosen er framstilt på eit kart som viser sannsynleg avvik frå normalen fire veker fram i tid. Dømet under viser prognosen som kom 22. mai 2026. Her ser vi at vi i truleg får det kaldare enn normalt i nordre delar av Innlandet, og at dette er svært sannsynleg for veke 22. Det ser ut til at veke 24 og 25 kan bli varmare enn normalt, men her er det meir usikkert. Normalen kartet tar utgangspunkt i er eit 30-årsgjennomsnitt. Det finst eit tilsvarande kart for nedbør.
Ønsker du denne vêrprognosen på e-post, kan du melde deg på her Climate Futures - Langtidsvarsling 2026
Kvar fredag i vekstsesongen blir det sendt e-post med oppdaterte prognosar for fire veker med forklaring på korleis dei skal tolkast.
Det tek litt tid å lære seg å forstå desse karta. Dei er basert på sannsynleg framskriving av dei store vêrsystema, og er ikkje som ei vanleg vêrvarsling. Mange bønder brukar dette som eit hjelpemiddel for å avgjere t.d. rett tid for gjødsling og slått.
Dette arbeidet skjer i regi av Climate Futures som er eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Dei utviklar metodar for framskriving av klima for å kunne handtere klimarisiko i ulike næringar – mellom anna i landbruksnæringa. NLR, Bondelaget og Statsforvaltaren er tre av mange partar i dette senteret. For meir informasjon sjå Home - Climate Futures og klimavarsling.no – Prognoser fra Climate Futures
Innan landbruksnæringa har ein lagt vekt på å utvikle langtidsprognosar som kan hjelpe bønder med å gjere gode val i møte med eit klima i endring.
Spørsmål knytt til prognosen kan ein rette til Manuel Hempel i NORCE: mahe@norceresearch.no