Sjukdomsavløysing - standardfrådrag for sjukepengar

Publisert i går kl. 13:03

Landbruksdirektoratet har kome med førebelse nye retningsliner om standardfrådrag på 5 G frå dagsatsen når Nav ikkje betalar sjukepengar.   

Ved utrekning av tilskotet skal ein trekke frå sjukepengar som den avløyste har fått eller kunne ha fått, jf. § 2 i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Dersom den avløyste ikkje har lagt ved vedtak frå Nav, skal saksbehandlar i kommunen vurdere å legge inn standarfrådraget. Standardfrådraget tilsvarer ei årsinntekt på 5 G (grunnbeløpet i forlketrygda).

Vi ber alle som har rolla saksbehandlar og/eller godkjennar i Agros om å merke seg dette.

Landbruksdirektoratet kom med nye førebelse retningsliner den 3. juli. Same dag vart informasjonen send pr. e-post til alle kommunane i Innlandet.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for mer informasjon.
Anne Berit Grasbakken
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Katrine Kleiven
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Anne Pauline Skjelkvåle
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet