Sjukdomsavløysing - næringsinntekt, stoppvarsel og dispensasjon

Publisert i går kl. 11:26

Eit av krava for å få tilskot til avløsying ved sjukdom og fødsel, er at den avløyste har hatt næringsinntekt frå jordbruk eller gartneri i føretaket. Når Agros meiner at søkar ikkje tilfredsstiller kravet, kjem det stoppvarsel. Da kan kommunen undersøke om den avløyste tilfredsstiller kravet til næringsinntekt. Dersom ja kan kommunen behandle søknaden om tilskot. 

Kravet til næringsinntekt, jf. § 3 i forskrifta, er der for å sikre at den avløyste er knytt til drifta. Dokumentasjon av næringsinntekt blir gjort automatisk i søknaden om tilskot ved at Agros hentar opplysingar frå Skatteetaten. Når kravet ikkje er oppfylt, kjem det ei stoppmelding. Det er likevel mogleg å kome forbi stoppmeldinga ved å velje "dispensasjon ikke nødvendig" dersom kommunen vurderer at kravet er oppfylt. 

Dokumentasjon

Når det kjem stoppmelding, må kommunen be søkar om skatteoppgjer og næringsspesifikasjon for referanseåra. Ved søknad om tilskot som gjeld til dømes sjukdom i 2026, er det 2023 og 2024 som blir referanseår.

Kva skal kommunen vurdere

Kommunen gjer ei vurdering av om dokumentasjonen stadfestar at kravet til næringsinntekt er oppfylt. I si vurdering bør kommunen gjere greie for at næringsinntekta er knytt til riktig person og føretak. Kommunen må også kontrollere at næringsinntekta stammar frå jordbruks- eller gartneridrift i føretaket som søker tilskot, og at referanseåra er riktige. Lag gjerne ei manuell utrekning som syner at kravet til næringsinntekt er oppfylt. Dersom det er mogleg, vurder kvifor Skatteetaten ikkje har korrekt informasjon. 

Legg vurdering og konklusjon inn i Agros

Relevant informasjon skal ein lagre i Agros. Kommunen har en plikt til å opplyse saka, og det er difor viktig å notere vurderingar og konklusjon i Agros. 

I dei tilfella der kommunen konkluderer med at inntektskravet er oppfylt, skal ein behandle søknaden om tilskot.

Dispensasjonssøknad

Dersom kommunen finn at den avløyste ikkje tilfredsstiller kravet til næringsinntekt, må den avløyste søke Statsforvaltaren om dispensasjon. Søknad om dispensasjon kan kommunen legge inn i søknaden om tilskot, som eit vedlegg. Hugs å varsle Statsforvaltaren om dispensasjonsøknaden!

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for mer informasjon.
Anne Berit Grasbakken
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Katrine Kleiven
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Anne Pauline Skjelkvåle
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet