Årsaka til utsettinga er at reglane for fosforbalansealternativet ikkje er klare. Som eit alternativ til å følgje dei absolutte grenseverdiane for fosfortilførsel skal det bli høve til å følgja krav til fosforbalanse. Dette kan vera eit aktuelt alternativ for bønder som haustar store avlingar.
Departementa arbeider med forskriftsendringar. Landbruksdirektoratet arbeider med rettleiing og digitalt støttesystem for utrekning av fosforbalanse. Informasjon skal vera klar i god tid før 01.01.2028.
Elles vil forskrifta gjelda slik som tidlegare bestemt, mellom anna krava til spreiefrist.