Landbruk og mat
Nytt om Landbruk og mat
21.05.2026Velferdsløft for bonden og familien
Jordbruksoppgjeret 2026 ga fleire viktige forbetringar i velferdsordningane for bønder. Endringane skal gi auka tryggleik, betre likestilling og sterkare støtte til familiar i næringa.
20.05.2026
Meir tilskot til beitebruk i jordbruksoppgjeret
Staten har i jordbruksoppgjeret for 2026 prioritert å styrka dei beitebasert produksjonane, særleg sau og ammeku. Det gir sterkare økonomiske signaler om å bruke utmarka, og satsa på gras- og beitebasert produksjon.
15.05.2026
Jordbær i sterk verdivekst
Snart er det 17. mai, og jordbær høyrer med. Vi er eit jordbærelskande land, og sjølv om forbruket er stabilt, aukar verdien kraftig.
13.05.2026
Beitedyktig sau – nøkkelen til færre tap på utmarksbeite
God vurdering av beitedyktigheit før slepp er eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere tap, styrkje dyrevelferda og sikre ein god beitesesong.
07.05.2026
Statistikk for norsk mjølkeproduksjon for 2025
06.05.2026
Kadaverhandtering ved krise
05.05.2026
Rettleiar - Kadaverhandtering ved brann
Statsforvaltaren i Rogaland har saman med Mattilsynet og næringa utarbeida rettleiaren for å auka kunnskapen og gi ei oversikt over kven som skal kontaktast når dyr døyr i eller i etterkant av ein brann.
05.05.2026
Full stopp i IBU-midlar – ber bønder vente med nye søknader
Presset på investeringsmidlane i landbruket held fram, og ramma for 2026 er no brukt opp. Med mange søknader i kø og nye prioriteringar for 2027 på veg, rår landbrukspartnarskapet bønder til å avvente nye søknader til etter sommaren.
24.04.2026
Anbefalt kostnadsnivå for skogkulturtiltak i Rogaland
Anbefalt kostnadsnivå for skogkulturtiltak i Rogaland er revidert mars 2026. Dei nye satsane er sendt til kommunane.
23.04.2026
Oppheving av spreieareal på innmarksbeite
Flere nyheter Få nyhetsvarsel
Lenker
Dokumenter
Resultat frå spørjeundersøking om beredskap i jordbruket
Landbruk og mat i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland si landbruksavdelingen har som hovudoppgåve å syte for at nasjonal landbrukspolitikk blir kjend og sett i verk i fylket. Det betyr at vi arbeider for at dei fire hovudmåla i nasjonal landbrukspolitikk skal nås i Rogaland; Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile fylket, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Med 20 – 30 prosent av matproduksjonen i Norge og ei årleg verdiskaping på nær 6 milliardar kroner, har Rogaland ein viktig posisjon i norsk landbruk. Denne posisjonen arbeider landbruksavdelinga for skal styrkast og utviklast vidare.