Samtykke til å gje jodtablettar til barn i barnevernet

Det er viktig med kjennskap til barnets helse for å vurdere om barnet bør ta jodtablett ved atomnedfall, og det er derfor den som har omsorgsansvaret for barnets som må samtykke til dette. 

Publisert 04.04.2022

Vurderinga er gjort av Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) i eit eige skriv om kven som kan samtykke på vegner av barn i barnevernet. 

Jod er eit ikkje-reseptbelagt legemiddel som kan kjøpast på apoteket. Det er likevel viktig å ha kjennskap om barnets helsehistorikk og helsetilstand før ein jodtablett blir gjeve til barnet. Dette er det i utgangspunktet den som har omsorgsansvaret for barnet som har informasjon om.  

Kven som har omsorgsansvaret for barn i barnevernet, vil vere avhengig av kva rettsleg grunnlag som ligg til grunn for at barnet ikkje bur heime hjå foreldra sine.

Heile skrivet frå Bufdir med presiseringar av kven som kan samtykke på vegne av barn i barnevernet kan du lese her. 

Her finn du meir informasjon knytt til angrepet på Ukraina

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.