Kostra-rapportering for 2024

Kommunane, kommunale føretak og interkommunale selskap/samarbeid skal rapportere årsrekneskapet sitt i elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB). Sjå fristar her.

Publisert 04.01.2024

De kan rapportere elektronisk frå og med 2. januar 2024.

Frist 15. januar 2024

  • helse- og omsorgstenester
  • helse- og omsorgsinstitusjonar
  • sosialhjelp
  • kvalifiseringsstønad
  • barnevern 

Frist 15. februar 2024

  • øvrige tenestedata, unnateke skjema 4B (heimetenester)

Frist 22. februar 2024

  • rekneskapsdata 

Frist 15. april 2024

  • Skjema 4 B - utgifter til heimetenester

Send sjølv om de ikkje har noko å rapportere

Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere.

Slik får SSB oversikt over kven som har rapportert, og kan estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.

Spørsmål og meir informasjon

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet og på nettsida til Statistisk sentralbyrå.

I brevet frå departementet finn de og lenke til Rettleiaren til kontoplanen i Kostra, og endringar i enkelte funksjonar og artar.

Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.