Samling innen rus og psykisk helse

Dato:
10. juni 2022 09.00 - 14.00
Sted:
Thon Hotell Kristiansund
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, NAPHA og KoRus
Målgruppe:
Einingsleiarar og tilsette i rus- og psykisk helsetjeneste på Nordmøre

Statsforvalteren i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helse (NAPHA) og Kompetansesenter for rusfeltet (KoRus) invitere til eit dialogmøte om utvikling av kommunale rus- og psykisk helsetenester i kommunen.

Publisert 13.05.2022, Oppdatert 13.05.2022

Dei siste åra har det vore stor merksemd rundt rusfeltet på bakgrunn av Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020) Mange kommunar har gjort eit godt stykke arbeid på dette område, mellom anna på grunn av moglegheit til å søke tilskot innan rusfeltet. 

I vårt fylke har fleire kommunar oppretta nye stillingar knytt til denne ordninga. Sjølv om opptrappingsplanen no er avslutta er det framleis behov for vidare innsats på feltet. Det er eit av hovudfunna i FAFO viser til i sin evalueringsrapport av satsinga på rusfeltet i denne perioden.

Den nye regjeringa har i Hurdalsplattforma lagt vekt på utvikling av tenester innan rus og psykisk helse. Dei har uttrykt at dei ønsker
ein ny opptrappingsplan for psykisk helse. Samstundes vert det jobba vidare med ein rusreform.

Tid: 10. juni 2022 09:00 - 14:00

Stad: Thon Hotell, Kristiansund

Målgruppe: Einingsleiarar og tilsette i rus- og psykisk helsetjeneste på Nordmøre

Økonomi: Samlinga er gratis

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 01.06.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 84 65 / 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
10. juni 2022 09.00 - 14.00
Sted:
Thon Hotell Kristiansund
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, NAPHA og KoRus
Målgruppe:
Einingsleiarar og tilsette i rus- og psykisk helsetjeneste på Nordmøre