Digital basiskurs økonomisk rådgivning

Dato:
11. mai 2022 09.00 - 12.00
Sted:
Microsoft Teams
Arrangør:
NAV Molde, Nav Kristiansund og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Tilsette ved NAV-kontora
Påmeldingsfrist:
9. mai 2022 23.59

NAV Molde og Kristiansund saman med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterar til Digitalt basiskurs i økonomisk rådgjevning

Publisert 22.04.2022

Målet med basiskurset er å gje deltakarane kunnskap om å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver. Deltakarane skal og kunne hjelpe med råd og rettleiing, og sende vidare dei som treng det, til økonomisk rådgjeving.

Økonomisk rådgjeving er ein lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret. Tilsette i Nav-kontora må difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta.

Mange kan ha økonomiske bekymringar eller problem sjølv om dei ikkje fortel om det. Basiskurset vil difor vere nyttig for deg som er rettleiar i Nav-kontoret, sjølv om brukar ikkje er i kontakt med deg for å få økonomisk råd og rettleiing, men for anna oppfølging.

Tema som vil bli presentert:
• kunnskap om bakgrunn for økonomiske problem
• kunnskap om korleis du fangar opp brukarar med økonomiske bekymringar eller problem
• Kunnskap om korleis du kan førebyggje økonomiske problem
• auka medvit om kva økonomiske problem kan føra med seg
• kunnskap og informasjon om tenesta økonomisk rådgjeving
• kjennskap til ulike tiltak


Føredragshaldarar på kurset er:
Tatiana Dyb, gjeldsrådgivar, NAV Molde
Snorre Visnes, gjeldsrådgivar, NAV Kristiansund

Dato:
11. mai 2022 09.00 - 12.00
Sted:
Microsoft Teams
Arrangør:
NAV Molde, Nav Kristiansund og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Tilsette ved NAV-kontora
Påmeldingsfrist:
9. mai 2022 23.59