Tingvoll kommune i ROBEK

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Tingvoll kommune inn i ROBEK. Tingvoll er meldt inn på grunn av meirforbruk i justert budsjett for 2024.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Budsjettjusteringa viser ei samla justering av driftsbudsjett på 32,9 mill. kroner for 2024. Etter at disposisjonsfondet er tømt for å dekke meirforbruk i 2023 og 2024, er venta underskot for 2024 på 19,4 mill. kroner.
Etter kommunelova § 28-1 første ledd bokstav a, skal ein kommune meldast inn i ROBEK dersom driftsbudsjettet er vedtatt med meirforbruk. Statsforvaltaren kontrollerer botnlinja for alle kommunar sitt budsjett. I tillegg gjer Statsforvaltaren lovlegkontroll av ROBEK-kommunar.
Statsforvaltaren gjer i utgangspunktet ikkje ein eigen kontroll av budsjettjusteringar i løpet av året. Retningslinjene frå Kommunal- og distriktsdepartementet slår likevel fast at om statsforvaltaren unntaksvis blir kjend med at det er grunnlag for å registrere ein kommune i ROBEK til dømes ut frå vedtak om endring i årsbudsjett, skal ein på vanleg måte be departementet om innmelding av kommunen i ROBEK. Det er tilfellet for Tingvoll.
Om ROBEK
ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsregnskap innanfor dei fristane som gjeld.
Kommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Statsforvaltaren har fått delegert mynde på området for kommunar.
Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal utarbeide ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse. Statsforvaltaren følgjer desse kommunane tett.
Kontaktpersonar
-
Maria Laingen
Tlf: 71 25 85 27 -
Rigmor Brøste
Tlf: 71 25 84 14