Seremonien i Ålesund blir halden på Scandic Parken, der 140 nye statsborgarar som bur i kommunane på Sunnmøre, i Rauma og i Vestnes er påmelde. I Kristiansund blir seremonien arrangert på Kulturfabrikken. 95 nye statsborgarar som bur i kommunar på Nordmøre og i Romsdal er påmelde der.
Ei høgtideleg markering
Statsborgarseremonien markerer at deltakarane har blitt ein del av det norske fellesskapet.
– Å få norsk statsborgarskap er ei viktig hending. Seremonien gir oss høve til å markere tilhøyrsla til Noreg og dei verdiane samfunnet vårt bygger på. Kong Harald har gjennom mange år sett ord på kva det norske fellesskapet er. På Kongeparets hagefest i 2016 sa han: «Nordmenn er nordlendinger, trøndere, sørlendinger – og folk fra alle de andre regionene. Nordmenn har også innvandret fra Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria.» Desse orda minner oss om at nordmenn har ulik bakgrunn, men eit felles ansvar for demokratiet og kvarandre, seier statsforvaltar Else-May Botten.
I år blir seremoniane gjennomførte i ei tid prega av sorg etter H.M. Kong Harald V sin bortgang. Det vil prege ramma rundt markeringane og gi høve til ettertanke over dei verdiane han gjennom eit langt liv løfta fram: inkludering, respekt og samhald.
Truskapsløftet som alle nye statsborgarar må gi, er slik: «Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»
Stad og klokkeslett
Seremonien på Scandic Parken i Ålesund laurdag 5. september startar klokka 12.00. Registrering og velkomst skjer frå klokka 11.00.
Seremonien på Kulturfabrikken i Kristiansund søndag 6. september startar klokka 12.00. Registrering og velkomst skjer frå klokka 11.00.
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.