Frå 25. mars til 19. august har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennomført tilsyn ved 20 verksemder for å kontrollere om dei etterlever krava i løyva etter forureiningslova. Alle verksemdene har utslepp til vatn og luft frå produksjonen, og for mange går prosessavløpet ut i sjøen.
I utsleppsløyva er det sett grenser for kor mykje feitt og organisk materiale verksemdene kan sleppe ut. Tilsynet har difor hatt særleg merksemd på korleis verksemdene overvaker, måler og dokumenterer utsleppa sine.
– Dei kontrollerte verksemdene har alle eigne løyve som regulerer utslepp frå produksjonen til vatn og luft. Det er vi som gir slike løyve. Då er det naturleg at vi også følgjer opp at krava blir overhaldne, seier underdirektør for forureining hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Christian Dahl.
Manglar i måleprogramma
Tilsynet avdekte at fleire av verksemdene har manglar i måleprogramma sine. Desse skal sikre at utsleppsprøver blir tekne ofte nok og på ein måte som gir eit representativt bilete av dei faktiske utsleppa frå verksemda.
– Verksemdene skal ha tilstrekkeleg oversikt over kor mykje feitt og organisk materiale dei slepp ut til omgivnadane. Eit godt måleprogram er avgjerande for å sikre dette, seier Dahl.
Slit med å halde utsleppskrava
Om lag halvparten av verksemdene har utfordringar med å halde utsleppskrava til sjø. Nokre har enkeltmålingar som overstig grenseverdiane i løyvet, medan andre over tid har problem med å halde seg innanfor dei fastsette grensene.
Statsforvaltaren sine tilsynsrapportar viser samtidig at fleire av verksemdene arbeider aktivt for å redusere innhaldet av feitt og organisk materiale i avløpsvatnet.
– Det er ikkje god økonomi i å sleppe verdifulle råstoff ut i sjøen, seier Dahl.
Potensial for betre risikovurderingar
Tilsynet har undersøkt korleis verksemdene vurderer risikoen for forureining til vatn, luft og grunn, og korleis dei handterer avfall. Statsforvaltaren fann at godt over halvparten av dei kontrollerte verksemdene har forbetringspotensial på eitt eller fleire av desse områda.
– Gode risikovurderingar er avgjerande for å førebyggje forureining, og sikre at verksemdene har nødvendige tiltak på plass dersom det oppstår uønskte hendingar.
| Verksemder | Avvik - prosess |
| Epax Norway AS | Lukka |
| Algea AS avd. Kristiansund | Lukka |
| TripleNine Vedde AS | Vi har motteke tilbakemelding |
| Tine AS avd. Elnesvågen | Vi har motteke tilbakemelding |
| Vital Seafood AS | Utsett frist |
| Pharma Marine AS | Vi har motteke tilbakemelding |
| KD Norway AS | Vi har motteke tilbakemelding |
| Fortuna Oils AS | Utsett frist |
| Berg Lipidtech AS | Ikkje utgått frist |
| Hofseth Biocare ASA avd Midsund | Vi har motteke tilbakemelding |
| GC Rieber AS | Vi har motteke tilbakemelding |
| Firmenich Bjørge Biomarin AS | Ikkje utgått frist |
| Edelgard AS | Ikkje lukka |
| Pelagia Averøy | Ikkje utgått frist |
| Øre Vilt SA, Gjemnes | Lukka |
| Tine Meieri avd. Ørsta | Ikkje utgått frist |
| Tine Meieri avd. Ålesund | Ikkje utgått frist |
| Hofseth Aqua avd 31 Slakteri Ålesund | Ikkje utgått frist |
| Tine Tresfjord | Ikkje utgått frist |
| Ole Ringdal AS | Ikkje utgått frist |
Må rette opp avvika
– Etter tilsynet må verksemdene med avvik rette opp forholda innan ei gitt tid. Nokre er allereie i mål med dette og avvika er lukka, seier Dahl.
Målet med tilsynsaksjonen har vore å sikre at verksemdene har god kontroll på eigne utslepp og set i verk tiltak som reduserer forureininga mest mogleg.
– Betre overvaking, risikovurderingar og effektive reinseløysingar er viktige verkemiddel for å halde utsleppa frå næringsmiddel- og oljeindustrien i fylket på eit forsvarleg nivå, avsluttar Dahl.