Til inspirasjon for mange
– Eg vil gratulere Rolf Åge og Ane Malene så mykje med prisen. Innsatsen deira for å ta vare på landskapet og ressursane på garden er imponerande og til inspirasjon for mange, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Prisoverrekkinga finn stad på Rasmusgarden 16. september.
17. generasjon
Rasmusgarden ligg i Saurdalen, like ved Sørdalsvatnet, og er omkransa av høge fjell og velstelte innmarks- og utmarksområde. Garden har mjølkeproduksjon med om lag 20 kyr og 35 vinterfôra sauer.
Rolf Åge og Ane Malene tok over drifta i 2016 etter foreldra til førstnemnte. Paret er den 17. generasjonen på Rasmusgarden, der gardshistoria kan sporast heilt tilbake til 1520.
– Rasmusgarden utmerker seg med framifrå forvaltning av kulturlandskapet. Som 17. generasjon fører Rolf Åge og Ane Malene vidare ein stolt tradisjonsarv, samstundes som dei utviklar drifta gjennom framtidsretta løysingar, seier Botten.
Om prisen
Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001.
Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.
Finn meir informasjon, priskriteria og sjå oversikt over tidlegare vinnarar på denne sida:
Juryen 2026
- Else-May Botten, statsforvaltar
- Anders Riise, fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune
- Hilde Arna Tokle Yri, leiar for seksjon kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.