15. september er fristen for spreiing av husdyrgjødsel

Publisert 7. august kl. 08:30
|
Oppdatert 12. august kl. 10:15

Ny gjødselbruksforskrift tredde i kraft i fjor, og 15. september er no siste frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten utan nedmolding.

Traktor med gjødselspreiar på ei mark.
Gjødselspreiar. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Spreiefrist

Det er slutt på at kommunane kan ha eigne fristar for gjødselspreiing. Tidlegare har spreiefristen om hausten variert mellom 1. september og 1. oktober. I 2026 er den 15. september for heile fylket.

Overgangsordning

I 2025 og 2026 er det som ei overgangsordning tillatt å spreie husdyrgjødsel fram til 1. november med nedmolding rett etter spreiing. I same overgangsperiode er det heller ikkje krav til hausting eller etablering av plantevekst etter siste spreiing.

Frå 2027 vert det krav om enten hausting eller tilsåing etter siste spreiing, som ikkje kan vere seinare enn 15. september.

Dispensasjon

Søknad om dispensasjon frå spreiefristen skal sendast til Statsforvaltaren. Det kan bli gitt dispensasjon i særlege tilfelle.

Send oss e-post