Lisensfelling av jerv 2026/2027

Publisert 19. august kl. 21:26

Departementet held fast på storleiken på jervkvota i region 6. Dei fjerner startkvota for forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal. 

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Noreg gjorde 20. mai 2026 vedtak om kvote for lisensfelling av jerv i regionen. Vedtaket vart påklaga og sendt til Klima- og miljødepartementet for endeleg avgjerd. Klima- og miljødepartementet ferdigbehandla saka i vedtak datert 14. august 2026.

Departementet skriv i avgjerda:

«For region 6 opprettheld departementet storleiken på kvoten, men fjernar startkvoten for forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal. Det blir vist til departementet sine klageavgjerder frå dei føregåande åra, der det er understreka at gjeldande bestandsstatus og avgrensinga av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal ikkje gir grunnlag for bestandsregulering i dette området. Departementet reduserer også hunndyrkvoten for forvaltningsområdet for jerv i Trøndelag frå 9 til 7 dyr. Samstundes blir den totale hunndyrkvoten på 15 dyr i heile regionen oppretthalden.»

Lisensfellingsperioden for jerv startar 20. august 2026 og varer til 15. februar 2027.

Vilkår for utøving av lisensfelling av jerv

Dersom du har felt jerv skal du melde ifra til Statsforvaltaren umiddelbart. Utanom opningstidene for vakttelefonen (sjå nedst på sida), kan du sende SMS til vakttelefonen: 909 26 016.

Dersom du skadeskyt eller løyser skot mot jerv, skal dette utan opphald meldast til Statsforvaltaren og næraste politimyndigheit.

Du må halde deg oppdatert om status for lisensfellinga minst éin gong dagleg under fellingsforsøket. Statsforvaltaren har ein kvotetelefon som gir opplysningar om talet på felte dyr og kor mange dyr som står att på kvoten. Telefonnummer: 71 25 88 502.

Du som deltek i lisensfellinga, pliktar å registrere deg som brukarar av Statsforvaltaren si SMS-varslingsteneste (sjå lenger ned på sida).

Ved lisensfelling av jerv er det berre tillate å leggje ut åte i samband med lisensfellinga. Åteplassar skal ryddast når lisensfellingsperioden er avslutta.

Kvote for lisensfelling 2026/2027 i Møre og Romsdal

Familiegruppe av jerv (tispe med kvalpar): unnateken frå lisensfelling til og med 9. september 2026.

Beiteprioriterte område i Møre og Romsdal kvote: 8 dyr

Forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal: Ingen kvote

Samanslåing av kvoteområde: Frå og med 16. november 2026 blir delområde 2 (beiteprioriterte område i Møre og Romsdal) og delområde 3 (beiteprioriterte område i Trøndelag) slått saman til eitt kvoteområde. Eventuell attverande kvote kan då nyttast i heile det samanslåtte området.

Reservekvote

For informasjon om reservekvoten og vilkår for bruk av denne viser vi til kvotevedtaket.

SMS-teneste

Statsforvaltaren har teke i bruk SMS-teneste for lisensfelling og kvotejakt. Alle som planlegg å delta i lisensfelling av jerv, må registrere seg for å få tilsendt kvoteinformasjon via denne tenesta.

Registrer deg her: rovviltvarsling.statsforvalteren.no

Aktuelle lover

Bruk av jervebås – krev særskild løyve

Dersom du som jeger ønskjer å nytte bås til fangst av jerv, må du sende søknad til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: sfmrpost@statsforvalteren.no.

Søknaden skal innehalde opplysningar om konstruksjonen til båsen, plasseringa (koordinatar) og kor ofte båsen skal førast tilsyn med.

Du kan få løyve til å fange jerv med bås i inntil fem jaktsesongar om gongen. 

Krav til lisensfelling av jerv

  • Lisensfelling krev lisens. Jegeren registrerer seg via internett på jegerregisteret.no.
  • Lisensfelling av jerv krev samtykke frå grunneigar.
  • Det er tillate å nytte både hagle og rifle ved felling av jerv. Dersom rifle blir nytta, må ammunisjonen ha ei anslagsenergi på minst 980 joule (100 kgm) på 100 meters avstand. Det er berre tillate å nytte ammunisjon med ekspanderande prosjektil (blyspiss, holspiss og liknande). Kravet til anslagsenergi tilseier bruk av minimum kaliber .222 Rem.
    Dersom fellinga skal utførast med rifle, må skyteprøve for storviltjakt vere avlagd for jaktåret 2026/2027.
  • Lisensfelling omfattar òg område verna etter naturmangfaldlova der verneforskrifta opnar for dette, eller der forvaltningsstyresmakta har gitt nødvendig dispensasjon. Oppføring av jervebås og buer, samt etablering av åteplass, kan vere regulert i verneforskrifta. Ta difor kontakt med forvaltningsstyresmakta dersom du ønskjer å jakte innanfor eit verneområde.
  • Ved bruk av åte i samband med lisensfelling gjer vi merksam på at åteplassen må ryddast etter at lisensfellinga er avslutta.
  • All irregulær avgang frå og med vedtaksdato blir trekt frå lisensfellingskvota.

Ny viltressurslov

Vi gjer merksam på at det er forbode å nytte særskilde siktemiddel ved lisensfelling av jerv på same måte som ved ordinær jaktutøving.

Det er framleis tillate å nytte fastmontert synleg lys for å lyse opp åte ved lisensfelling av jerv.

Rovvilttelefonen