Status for arbeidet
Arbeidet med å reetablere fiskebestandane i Drivaregionen skjer gjennom utsetting av rogn og yngel, flytting av sjøaure forbi fiskesperra i Driva, og tilrettelegging for naturleg gyting. Elvane i Drivaregionen er frå 2025 stengt for sportsfiske, og sjølaksefisket med kilenot i fjorden det same, slik at bestandane skal kunne bygge seg opp igjen.
Jordalsgrenda kultiveringsanlegg vart i 2025 ferdig ombygd frå stamfiskhus til klekkeri, slik at det no er to anlegg i Drivaregionen som mottek rogn frå genbankar i regionen (Herje, Haukvik, Hamre). Trønderenergi sitt anlegg på Vermøy vart skada av ras, slik at det har vore omfattande byggeaktivitet der også.
Det er lagt ned stor innsats av personell som arbeider på anlegga, fiskesperra og frivillige som har bidrege ute i elvane. Veterinærinstituttet (prosjektleiar) og lokal koordinator i Sunndal kommune er sentrale i arbeidet.
Mattilsynet har ansvaret for friskmeldingsprogrammet i Drivaregionen. Dette vil pågå i minst 5 år. Det er gledeleg at parasitten ikkje er attfunne i årets overvaking, etter tre år med kjemisk behandling. Du kan lese meir om dette på Veterinærinstituttet sine nettsider: Ingen Gyrodactylus salaris påvist i Drivaregionen det første året etter behandling
Under har vi lista opp stikkord om enkelte aktivitetar i dei viktigaste elvane i år:
Driva:
- Utsett av 680.000 ufôra laksyngel og 80.000 1-årig laksyngel.
- Flytting av 130 sjøaurar forbi sperra. 550 laks som kom inn i fangsthuset til fiskesperra vart flytta nedover elva igjen (nokre kan ha blitt registrert fleire gonger).
- Driva elveeierlag/Sunndal JFF tok ut 51 pukkellaks frå elva.
Litledalselva:
- Utsett av 150.000 augerogn av laks og 100.000 ufôra yngel av aure.
- Statsforvaltaren registrerte 283 gytegroper i Litledalselva i haust, hovudsakleg sjøaure.
Usma:
- Utsett av 220.000 augerogn av laks, 120.000 augerogn av aure og 150.000 ufôra aureyngel.
- Fjerning av kunstig vandringshinder i sidebekk.
Batnfjordselva:
- Utsett av 450.000 augerogn av laks, 60.000 ufôra laksyngel og 150.000 augerogn av aure.
- Batnfjordselva fiskelag tok ut 6 pukkellaks frå elva.
Torvikelva:
- Utsett av ca. 20.000 augerogn av laks og ca. 1.250 augerogn av aure.
- Fylkeskommunen planlegg forbetring av fiskepassasje gjennom kulvert under fylkesvegen.
Skeidsdalselva:
- Utsett av ca. 30.000 ufôra laksyngel.
Koksvikelva:
- Statsforvaltaren har tatt ned fiskesperra som har vore nytta til å avgrense område for kjemisk behandling.
- Statens vegvesen planlegg løysing for å forbetre fiskevandring gjennom kulvert/fisketrapp under riksvegen.
Bekjemping av Gyrodactylus salaris i Drivaregionen
- Miljødirektoratet og Mattilsynet har det overordna ansvaret for bekjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Norge.
- Statsforvalteren er tiltakshavar og leier arbeidet med bekjemping av G.salaris regionalt, innbefatta bevaring og reetablering av fiskebestandar.
- Veterinærinstituttet er, på oppdrag fra Miljødirektoratet, nasjonalt kompetansesenter og prosjektleiar for planlegging og utføring av bekjemping av parasitten, og for bevaringsarbeidet av laks og sjøørret.
- Lokal koordinator i Sunndal kommune bistår prosjektet i det praktiske arbeidet med bevaring, innsamling til genbank og reetablering.
Send oss e-post
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.