For å kunne hjelpe personar som er redde for å bli tekne med til utlandet mot sin vilje, eller haldne tilbake etter ein ferie, er det viktig at du som er tilsett i offentlege tenester veit korleis du skal handle ved bekymring. Beredskapsbrev 2026 frå regjeringa gir viktig kontaktinformasjon og rettleiing viss du er bekymra for ein person: Negativ sosial kontroll og æresmotivert vald – Beredskapsbrev 2026 (regjeringa.no)
Utreiseforbod
Regjeringa prioriterer arbeidet mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald høgt. I januar 2026 trådde eit nytt utreiseforbod i kraft for barn som står i fare for skadelege utanlandsopphald. Frå 15. april 2026 er det straffbart å bryte vedtak om utreiseforbod eller akuttvedtak om utreiseforbod. Beredskapsbrevet gir meir informasjon om utreiseforbodet, samt om andre verkemiddel, retningslinjer og tenester i arbeidet med å førebyggje ufrivillige utanlandsopphald. Brevet gir òg utfyllande informasjon om kva plikter du har som offentleg tilsett dersom du er bekymra for at nokon kan bli sende på eit ufrivillig utanlandsopphald.