Vi har dei siste åra hatt nokre få saker der sjukdom er dokumentert med attendedatert sjukmelding. Praksisen har vore at den avløyste søker om dispensasjon for å få godkjent sjukmeldinga.
Landbruksdirektoratet har nå informert oss om at det ikkje er krav til dispensasjon frå statsforvaltar i tilfelle der den avløyste har attendedatert sjukmelding. Det er kommunen som må vurdere om kravet til dokumentasjon er oppfylt.
Spørsmålet er om framlagt dokumentasjon er tilstrekkeleg for å sannsynleggjere at den avløyste var sjukmeld dei aktuelle datoane. Dette er dermed ei vurdering av dokumentasjonskravet, og ikkje eit spørsmål om dispensasjon.