Ved utrekning av tilskotet skal ein trekke frå sjukepengar som den avløyste har fått eller kunne ha fått, jf. § 2 i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
Dersom den avløyste ikkje har lagt ved vedtak frå Nav, skal saksbehandlar i kommunen vurdere å legge inn standarfrådraget. Standardfrådraget tilsvarer ei årsinntekt på 5 G (grunnbeløpet i forlketrygda).
Vi ber alle som har rolla saksbehandlar og/eller godkjennar i Agros om å merke seg dette.
Landbruksdirektoratet kom med nye førebelse retningsliner den 3. juli. Same dag vart informasjonen send pr. e-post til alle kommunane i Innlandet.