Helsetenester

Oppdatert 09.04.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen dit. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta må rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Viss du er pasient, brukar eller pårørande, kan du til dømes klage på at du er misnøgd med tenestene du har fått, ved negative opplevingar, uønska hendingar, nestenuhell eller alvorleg svikt. Det digitale skjemaet vårt hjelper deg til å klage til riktig stad og med nødvendig informasjon. 

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. I skjemaet blir du derfor spurt om du har klaga til den det gjeld. 

Dersom Statsforvaltaren etter å ha vurdert klagen din konkluderer med at du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. Men ved å melde frå til oss, kan du bidra til å hindre at dette skjer igjen eller at andre opplever det same. Tilsyna våre med helse- og omsorgstenesta skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.10.2015

Ny søknadsfrist for lønstilskot til avansert klinisk sjukepleie i kommunane – Kapittel 762 post 63

Helsestyresmaktene har avgjort at fristen for kommunane til å søkje om lønstilskot for å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie på mastergradnivå skal utvidast til 1. november 2015.


Publisert 06.10.2015

Ny rettleiar om habilitering, rehabilitering, individuell plan og koordinator

Brukarar og pasientar skal ha eit tilbod om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator i samsvar med eige behov. For å hjelpe til med dette har Helsedirektoratet laga ein elektronisk rettleiar.  Habiliterings- og rehabiliteringstenester skal fremje evna til å meistre og støtte under pasienten og brukaren sin  innsats for best mogeleg  fysisk, psykisk, sansemessig, kognitiv og sosial funksjonsevne. Målet er best mogeleg sjøvstende og medverknad.


Erfaringar frå tilsyn med utskriving av pasientar frå spesialisthelsetenesta til kommunane på Vestlandet 2015


Publisert 05.10.2015

Fleire kommunar har ikkje oversikt over behov for rehabilitering og habilitering

Fylkesmannen oppmodar kommunane om å skaffe seg oversikt over behov for rehabilitering- og habilitering. Tre av ti kommunar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skriv at dei ikkje har ordningar for å ha slik oversikt  i dag.


Publisert 23.09.2015

Etablering av regionalt nettverk for Huntington sjukdom i Rogaland

NKS Olaviken vil etablere nettverk for fagpersonar i Rogaland som arbeider med pasienter med Huntington sjukdom. Dei ønskjer difor kontakt med aktuelle fagpersonar i fylket.


Publisert 20.07.2015

Demensplan 2020

Helse- og omsorgsdepartementet har nå sendt Demensplan 2020 på høyring. Målet med planen er å skape eit meir demensvennleg samfunn som integrerer personar med demens i felleskapet


Publisert 20.07.2015

Mastergradsutdanning i avansert klinisk sjukepleie – nytt tilskot

Kommunar kan nå søke om lønnstilskot til vidareutdanning i avansert klinisk sjukepleie på mastergradsnivå. Målet er å styrke behandlings- og omsorgstilbodet til innbyggarar som har samansatte og komplekse sjukdomstilstandar.


Publisert 20.07.2015

Forsøk med statlege midlar for finansiering av omsorgstenester

I 2016 startar eit forsøk med statlege kriterier for tildeling av tenester  og finansiering av omsorgstenester. Alle kommunar blir inviterte til å søke om å delta i forsøket.


Publisert 22.04.2014

Fleire må melde frå til barnevernet

Statens Helsetilsyn har undersøkt om helsepersonell melder frå til barnevernstenesta slik dei har plikt til. Det er nå blitt publisert ein rapport som belyser temaet grundig.


Publisert 04.12.2012

E-læring: Korleis involvera pårørande ?

Det nettbaserte opplæringsprogrammet Opplæringsprogrammet. Pårørande er eit nytt hjelpemiddel for dei kommunale tenestene. Dette er klart  for implementering i Rogaland no.