Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Om oss

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegner av departementa. Statsforvaltaren kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Embetet har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi sit på viktig lokalkunnskap.

Statsforvaltaren skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.  

  • Statsforvaltaren er sektorstyresmakt på ei rekkje viktige politikkområde. Som sektorstyresmakt representerer Statsforvaltaren fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn.
  • Statsforvaltaren er rettstryggleiksstyresmakt som klageinstans for kommunale vedtak og som tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.
  • Statsforvaltaren er regional samordningsstyresmakt for staten. Statsforvaltaren skal blant anna samordne statlege verksemder og arbeidet deira mot kommunane.
  • Som regjeringa sin representant i fylket skal Statsforvaltaren arbeide på vegner av og ta initiativ som er til beste for fylket.
  • Statsforvaltaren skal halde sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket og formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Statsforvaltaren har òg oppgåver for Kongehuset. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet.