Ormeli: Eit levande kulturlandskap gjennom 4500 år

Oppdatert 18. september kl. 14:40

Inst i Lustrafjorden, langs den gamle ferdavegen over mot fjellet til Lom, ligg ein av dei mest særmerkte høgdegardane i Noreg. Ei omfattande restaurering skal sluttførast sumaren 2027, og garden står i dag fram som eit levande vitnemål om ein viktig del av norsk landbrukshistorie. 

Tunet til høgdegarden Ormeli omkransa av slåttemark
Slåttemarkene kring tunet har eit rikt biologisk mangfald og bygningane er óg særmerkte med høge steinmurar og stor låve. Foto: Torunn Løne Vinje / Stiftinga Ormeli.

Feiring av ferdigrestaurert tun

Det restaurerte tunet og bygningane vart høgtideleg opna i juni 2026 med ei stor feiring etter mange års arbeid. Ormeli er i dag både freda som kulturmiljø og ein del av ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket. I tillegg er 60 daa av innmarka å rekna som trua naturtype slåttemark – A-område. 

Dugnandsgjengen på ormeli
Stiftinga Ormeli og dei mange frivillige gir mykje tilbake til høgdegarden. Her er ein gjeng i sving under serveringa på opninga i juni. Foto: Maria Knagenhjelm / Stiftinga Ormeli.
Slåttegjeng i full aktivitet på ormeli
Dugnadsgjengen svingte ljåen under slåttedagen 1.august. Foto: Torunn Løne Vinje / Stiftinga Ormeli.

Ormeli er den øvste av to høgdegardar inst i Fortundalen. Her har menneske og husdyr livnært seg heilt sidan slutten av steinalderen. Spor etter jordbruk og beitedrift viser at området har vore i bruk gjennom fleire tusen år, sjølv om periodar med aktiv drift har veksla med tider då garden låg øyde. Det var også kontinuitet i busetjinga gjennom svartedauden, og tidleg på 1600-talet vart garden delt i to bruk. 

Gjestegard langs fjellvegen

Ormeli hadde ei viktig rolle som stoppestad for reisande. Den gamle ferdselsvegen mellom Gudbrandsdalen og Sogn gjekk forbi garden, og huset som framleis blir kalla «Herberge», gav mat og husly til folk på ferd over fjellet. Samstundes er Ormeli eit sjeldan døme på den tradisjonelle vestnorske driftsforma der ressursane vart utnytta frå kring 400 meter over havet til oppunder breen. Innmark, utmark og stølsområde opp mot 1200 meter var knytte saman i eit heilskapleg system som sikra mat og fôr gjennom året. Alt på 1100-talet er det dokumentert tre stølar til garden.

Denne samanhengen mellom tun, stølar, ferdselsvegar, vatningsveiter, steingardar og beiteområde er framleis tydeleg lesbare i landskapet, og er ei viktig årsak til at Ormeli er rekna som eit nasjonalt verdifullt kulturlandskap. 

Artsrikt landskap

Trass i den høge plasseringa ga den sørvendte hellinga folket i Ormeli gode vilkår for å drive jordbruk. Om det vart det uår var det gjerne på grunn av tørke, og vatningsveitene har difor vore særs viktige å halde vedlike. Ein hausta normalt korn og rikeleg med potet. Utmarka med slåtteteigar og haustingsskog gav grunnlag for eit omfattande husdyrhald. Midt på 1800-talet hadde garden både hest, kyr, sauer, geiter og svin og fødde ein storfamilie med arbeidsfolk på tilsaman 15 personar. Gardsfolket tok vare på slåtteenger, lauvenger, beitemarker og haustingsskogar, som i dag har nasjonal verdi. 

Blomstereng med fjell og bygd i bakgrunnen
Gardsfolket tok vare på landskapet som i dag har nasjonal verdi. Foto: Torunn Løne Vinje / Stiftinga Ormeli.

Store innmarks- og utmarksareal med jaktrettar la grunnlaget for eit livskraftig gardsbruk heilt fram til 1996. I 2004 flytte søskenparet Kjellaug og Erling Ormelid, dei siste fastbuande på garden, ned til bygda. Seinare vart det oppretta ei stifting for å sikre framtida til eigedomen, og mange frivillige engasjert seg i arbeidet. 

Venelaget og stiftinga i spissen

Stiftinga Ormeli har sidan stått i spissen for vedlikehald, skjøtsel og restaurering. Gjennom fleire år er historiske bygningar restaurerte, kulturlandskapet halde i hevd og tradisjonelle driftsformer vidareførte gjennom slått, hesjing og høyberging. Sommaren 2025 vart store delar av filmatiseringa av Markens Grøde spela inn på garden, noko som vil bidra til å gjere denne unike høgdegarden kjend for eit breitt publikum både i Noreg og internasjonalt. Filmen får premiere 30. oktober 2026. 

Boka om ormeli
I dag er Ormeli ikkje berre eit freda kulturminne, men eit levande kulturlandskap som er sikra for framtida – også gjennom boka «Ormeli – ein høgdegard i Luster. Fortid, notid, framtid». Foto: Torunn Løne Vinje / Stiftinga Ormeli.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Frøydis Lindén
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.