Ansvaret til kommunen
Kommunen skal jobbe systematisk og heilskapleg med samfunnstryggleik og beredskap på tvers av ulike sektorar. Målet er å redusere risikoen for tap av liv, skade på helse, miljø og materielle verdiar.
Kommunen har viktige oppgåver i kvardagen, og under kriser og hendingar. Kommunen skal blant anna:
- lage og vedlikehalde beredskapsplanar
- øve jamnleg og evaluere beredskapsplanane
- sikre god krisehandtering og informasjonsflyt
- samarbeide med andre aktørar lokalt og regionalt
- sikre at samfunnstryggleiken er ivaretatt i planar og prosessar etter plan- og bygningslova, og andre sektorlover
Slik er kommunen en del av den samla beredskapen i Noreg: Totalberedskapen.
Les også om tryggleikslarering av tilsette i kommunen
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskaps (DSB) har ein eigen rettleiar til forskrifta om kommunal beredskapsplikt.
Kommunen skal legge til rette, rettleie og informere slik at kvar enkelt innbyggar kan klare seg sjølv i minst ei veke ved kriser.
Les meir hos Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap: Egenberedskap (dsb.no)
Atomberedskapen skal vere ein del av det heilskaplege beredskapsarbeidet til kommunen. Kommunen må vere førebudd på å gjennomføre tiltak som evakuering, utdeling av jodtablettar og krisekommunikasjon. Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) har informasjon som kommunen kan bruke i planlegginga av ei mogleg atomhending.
Korleis følger Statsforvalteren opp kommunen?
Vi samarbeider tett med kommunen og følger opp arbeidet med å sikre at innbyggarane får nødvendig vern og hjelp ved kriser og uønskte hendingar.
- Vi arrangerer øvingar for kommunane.
- Vi fører tilsyn med kommunal beredskapsplikt.
- Vi gir råd og rettleiing om arbeidet med beredskap i kommunen.
Øvingar
Kommunen har ansvar for å øve med utgangspunkt i den overordna beredskapsplanen minst annakvart år. Øvingane bør bygge på kommunens heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), og bidra til å styrke evna til å handtere uønskte hendingar.
Statsforvaltaren tar initiativ til felles øvingar i fylket, gir rettleiing i planlegging og gjennomføring, og bidrar til at kommunene får øvd på relevante scenario.
Tilsyn
Tilsynet er heimle i sivilbeskyttelsesloven og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Målet er å sikre at kommunen er godt førebudd på å handtere uønskte hendingar.
Vi vurderer om kommunen oppfyller krava i forskrift om kommunal beredskapsplikt. Vi sjekkar blant anna om kommunen har:
- eit oppdatert beredskapsplanverk
- ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som er oppdatert og som blir lagt til grunn for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap
- ein førebudd kriseorganisasjon
- forankra beredskapsarbeidet i leiinga og samordna arbeidet på tvers av sektorar
- rutine for å evaluere krisehandteringa etter øvingar og uønskte hendingar
Les meir om korleis vi fører tilsyn, og finn rapportar i tilsynskalenderen vår