Høyring
Kommune og tenesteaktør
Næring/organisasjon
Privatperson

Forslag om marint vern av Sognefjorden

Publisert 28. april kl. 14:08

Vi inviterer alle interesserte til å seie si meining om forslaget til Sognefjorden marine verneområde. Målet er å sikre unik undersjøisk natur for framtida, og samstundes legge til rette for berekraftig bruk. 

Foto: Vegard Byrkjeland Aasen

Høyringsfrist
1. november
Berørte kommunar
Solund, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster
 Send innspel

Vernet skal bidra til at eit utval av representativ og sårbar norsk marin natur blir tatt vare på. Sognefjorden oppfyller kriteria i naturmangfaldlova, og skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking. 

Den føreslegne vernegrensa går primært til to meter under sjøkartnull. Vi foreslår likevel å inkludere grunne område på privat eigedom opp til flomål der det er spesielle verneverdiar, og der det marine vernet grensar til verneområde på land.

Verneforslaget er basert på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, både i form av kartleggingar, konsekvensutgreiing, møte, innspel og drøftingar undervegs i prosessen. 

Her finn du meir infomasjon og alle saksdokumenta.