Kurs og konferanse
Helse- og omsorgstenester

Grupperettleiing LIS1 dag 1 og 2

Publisert 23. september kl. 13:50

Grupperettleiinga er eit fagleg supplement til supervisjon og individuell rettleiing i del 1 i kommunane og skal sikra kvaliteten i tenesta.


Dato
13. oktober kl. 09:30 – 14. oktober kl. 16:15
Stad
Park Hotell Voss
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe
LIS1 i Vestland

Førebuing

Alle bør høyre minst ein episode av podkurset og orientere seg om det som står på HDIR sine sider om dialog og forventningsavklaring: 

Reiseutgifter

Reiseutgifter vert dekt etter billegaste reisemåte. Vi dekker ikkje flyreiser, reisetid, nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå rettleiar for utfylling av reiserekning, som du finn under «Dokument». 

Overnatting

Statsforvaltaren ordnar med og dekkjer overnatting mellom kursdagane for dei som har krav på det. Vi dekker ikkje overnatting for LIS1 i Voss herad og Vaksdal kommune.
 
Samlinga startar tidleg tysdag, så dei med lang reiseveg kan koma kvelden før. Vi dekkjer overnatting dagen før samlinga for LIS1 i  kommunane Askvoll, Austevoll, Bømlo, Fjaler, Gloppen, Gulen, Luster, Høyanger, Kinn, Stad, Stord, Stryn og Sunnfjord. 
 
Vi gjer merksam på at dersom du hakar av for overnatting, og ikkje har krav på å få det dekka, så må du betale ved utsjekk.
 
Vi bestiller overnatting på Park Hotell Voss for dei som har krav på det. Overnattingen er på same hotell som samlinga går føre seg. Stadfestinga du får tilsendt på e-post når du har meldt deg på, er også stadfesting på at vi bookar overnatting for deg. Du vil ikkje få noko meir informasjon om overnatting, ut over dette. 
 
Det vert felles middag for alle tysdag på hotellet.

Personvern

Ved å melda deg på denne samlinga samtykkjer du til at namn og kontaktinformasjon kan bli delt med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Treng du overnatting 12.-13. oktober?
Treng du overnatting 13.-14. oktober?
Deltek du på middag 13. oktober?