Samordningsansvaret til Statsforvaltaren
I ei krise skal Statsforvaltaren ta eit regionalt samordningsansvar. Vi samarbeider tett med kommunar, politiet, helsemyndigheiter og andre beredskapsaktørar. Vi rapporterer dessutan til nasjonale myndigheiter.
I det daglege samordnar vi beredskapsarbeidet i fylka og held oversikt over risiko og sårbarheit.
FylkesROS – risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket
FylkesROS gir oversikt over dei største trugslane og utfordringane i fylket. Analysen tar for seg naturhendingar, store ulukker og uønskte hendingar.
Analysen er eit viktig verktøy for å prioritere tiltak og ressursar i beredskapsarbeidet. Den er også eit kunnskapsgrunnlag kommunen kan bruke i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap heilskaplege risiko- og sårbarhetsanalyser.
Regionalt samarbeid
Fylkesberedskapsrådet er sett saman av dei viktigste regionale aktørane i beredskapsarbeidet i fylket. Kven som møter i rådet, kjem an på kva type krise eller hending det er snakk om.
Fylkesberedskapsrådet skal legge til rette for godt samarbeid, ei felles forståing for utfordringane i fylket og kjennskap til ansvarsområda til dei ulike medlemmane. Statsforvalteren oppnemner medlemmar og leier møta i rådet. Heile rådet skal møtast minst éin gang i året, og når det er behov for å samordne handteringen av kriser.
Slik er det organisert i Rogaland
Fylkesberedskapsrådet har to ordinære møte i året, eitt om våren og eitt om hausten. Møta blir gjennomførte som fysiske eller digitale samlinga. Føremålet er å styrkje informasjonsdeling, samarbeid og samordning mellom beredskapsaktørane i fylket.
Mellom desse møte samlast fylkesberedskapsutval med sentrale aktørar frå rådet. Samlingane skal leggje vekt på å utvikle ein felles situasjonsforståing, styrkje relasjonar og kjennskap til kvarandre sine roller og ansvar, samt øve på planar og samhandlingsrutinar knytte til krisehandtering.
Ved hendingar og øvingar blir relevante medlemmar og andre aktuelle aktørar kalla inn etter behov for å bidra til koordinert handtering og felles situasjonsforståing.
Her finn du ei oversikt over medlemsverksemdene: Deltakarar i fylkesberedskapsrådet og fylkesberedskapsutvalet
Det er òg etablert eit kommunikasjonsnettverk knytt til fylkesberedskapsrådet.Nettverket består av kommunikasjonsrådgivarar frå medlemsorganisasjonane og skal styrkje samordninga av informasjon ved kriser og andre alvorlege hendingar gjennom erfaringsdeling og strategisk samarbeid. Operative oppgåver blir løyste mellom aktuelle aktørar ved behov. Statsforvaltaren leier nettverket.