Undersøking om beredskap på gardsbruk

Publisert i dag kl. 09:00

Alle landbruksføretak i Vestland fekk tilsendt ei spørjeundersøking om eigenberedskap på gardsnivå våren 2026. Den viser at mange gardsbruk er sårbare, mellom anna ved sjukdom og ved mangel på diesel og straum.

Jordbrukslandskap med fjell i bakgrunnen
Illustrasjonsfoto. Foto: Maria Makloufi Skjold / SFVL.

Hypotesar om sårbarheit

I 2025 laga vi ei scenarioanalyse av matvareberedskapen i fylket. No har vi kartlagt kritiske sårbarheiter på gardsnivå gjennom ei spørjeundersøking som er laga i samarbeid med faglaga.  

Spørjeundersøkinga byggjer på hypotesar om sårbarheit. Beredskapsnivået kan mellom anna vere knytt til produksjonstype, produksjonsomfang, automatiseringsgrad, teknologisk avhengigheit, geografisk plassering og tilgang på infrastruktur.

Undersøkinga vart sendt til alle føretak i Vestland som søkte produksjonstilskot i 2025, totalt 5 846 føretak. Om lag ein tredjepart svara på undersøkinga, og dei representerer ein stor variasjonen i produksjon og storleik. 

Naudstraumsaggregat 

På tvers av alle produksjonar hadde vel halvparten av dei som svarte på undersøkinga tilgang til naudstraumsaggregat. Av dei som hadde eige aggregat, svara hovudtyngda at aggregatet berre dekka kritiske behov. Ein av fem svara at aggregatet kunne dekke alle behov i drifta. Berre nokre få hadde avtale om å leige aggregat.

I føretak med mjølkeproduksjon hadde 76 prosent aggregat. Delen med aggregat var lågare på små mjølkebruk der 62 prosent hadde aggregat. Ein fjerdedel av dei store mjølkebruka svara at dei ikkje hadde aggregat. Samla for alle føretak med husdyr var det aggregat på 54 prosent av føretaka. Resultatet viser at fleire mjølkebruk burde tatt denne investeringa, men også at mange husdyrbruk har aggregat for å møte ei akutt og kortvarig krise.

Diesellager

Tilgang på diesel er kritisk for matproduksjonen i Noreg, og det er difor viktig å sikre nok diesel i ei krise. 59 prosent av dei som svarte seier at dei har lager av diesel. Mange av dei som ikkje har diesel på lager grunngjev det med at dei bur nær ein bensinstasjon. 

Vel ein tredjedel av dei som har diesel på lager seier at dei alltid har ein reserve. Ei like stor gruppe seier at dei ventar med kjøpe ny diesel til lageret er tomt. Dette viser behov for å arbeide vidare med å sikre lager av diesel på gardsbruk.

Normal produksjon utan diesel

Utan diesel stoppar landbruket. Dette ser vi også att i undersøkinga. Kvar fjerde føretak svara at dei i periodar med høgt forbruk har mindre enn tre dagar normal drift utan påfyll av drivstoff.  Diesel er også naudsynt ved drift av naudstraumsaggregat. Resultatet viser at mangel på drivstoff er ein kritisk sårbarheitsfaktor.  

Menneske å spela på

Samla for alle produksjonar svarer tre av fire at andre personar til ei kvar tid kan ta over drifta og halde normal produksjon i minst sju dagar. Samstundes seier 15 prosent at dei ikkje har nokon som kan ta over drifta i ein krisesituasjon. Vanlege reservepersonar er familie, vener og fast tilsette. Ein del svara også at dei forventar av avløysarlaget stiller med hjelp. Dette syner at avløysarlaga har ei viktig oppgåve med å tilby hjelp ved akutt sjukdom eller ulukker. Får å behalde denne beredskapen er det viktig at mange brukar laget og landbruksvikaren, også når alt er normalt.

Sårbar utan fellesskap

Undersøkinga gav også deltakarane høve til å utdjupe eigne synspunkt. Gjennomgåande er det mange som peikar på at svak økonomi avgrensar moglegheita for å investere i beredskapstiltak og etterlyser statlege tilskotsordningar. Gode nabobønder er viktig, og fleire svarer at færre bønder og større driftseiningar gjer landbruket meir sårbart i ei krise. 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Synnøve Vonen Kvaal
rådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland