Verna natur

Oppdatert 8. mai kl. 11:54

Kommunen kan ta initiativ til å verne område for å ta vare på natur, kulturminne og friluftsliv. 

Kvifor vernar vi natur? 

Når vi vernar område, bidrar vi til å 

  • bevare sjeldne og vanlege artar 
  • ta vare på sårbare naturtypar og landskapsformer 
  • beskytte kulturminne 
  • sikre område for friluftsliv og rekreasjon 

Les meir om korleis vi opprettar og forvaltar verneområde på miljødirektoratet.no:

Frivillig vern av skog

Ulike verneformer

Nasjonalparkar skal bevare store, samanhengande naturområde som er lite påverka av inngrep. Dei gir leveområde for artar som treng mykje plass, og hindrar at naturen blir fragmentert av utbygging og tekniske installasjonar. Nasjonalparkane er viktige både for naturvern og friluftsliv. 

Naturreservat er den strengaste forma for områdevern i Norge. Sjølv om dei ofte er små, inneheld dei sårbare og sjeldne naturtypar med stor betyding for biologisk mangfald. Vegetasjonen er som regel freda, men du kan framleis plukke bær og matsopp.

I nokre reservat er det ferdselsrestriksjonar, særleg i område som er viktige for fugl under hekking og trekk. Reglane for ferdsel står skildra i verneforskrifta for det enkelte området. 

Frivillig skogvern er ei ordning der skogeigaren sjølv tilbyr skogareal til vern. Dersom området har natur- og miljøkvalitetar som tilsier vern (frivilligvern.no) og vernemyndigheitene takkar ja til tilbodet, kan området vernast som naturreservat.

Landskapsvernområde skal bevare natur- og kulturlandskap med stor verdi – anten det er økologisk, kulturelt eller knytt til opplevingar. Her er det landskapsbildet og landskapsopplevinga som står i sentrum. Jordbruk og skogbruk kan som regel halde fram som før, så lenge det ikkje strir mot verneføremålet. 

Marine verneområde skal beskytte verdifulle økosystem i havet og langs kysten. Verneføremålet kan vere å bevare særeigne eller representative naturtypar, eller funksjonsområde for bestemte artar. Vernet kan gjelde sjøbotnen, vassmassane eller overflata – eller ein kombinasjon av desse. 

Biotopvernområde blir oppretta for å beskytte leveområde for bestemte artar. Desse områda blir ofte omtala som funksjonsområde, og kan vere gyteplassar, oppvekstområde, beiteområde, hiområde eller stader der dyr samlast for paring eller spel. 

Forvaltning av verneområda  

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom nasjonale og lokale myndigheiter.  

  • Statsforvaltaren har forvaltningsansvar for dei fleste naturreservat og mindre verneområde. 
  • Kommunen, Statsforvaltaren og verneområdestyret har alle tre forvaltningsmyndigheit i naturverneområdet.
  • Nasjonalparkar og større landskapsvernområde blir forvalta av eigne styre. Her er ofte både kommunar, fylkeskommunen og Statsforvaltaren representert. 

Forvaltninga handlar om meir enn å handheve vernereglane. Vi utarbeider forvaltningsplanar og skjøtselsplanar, informerer om verneverdiar og reglar, og legg til rette for ferdsel i område som toler det. I nokre verneområde er det også nødvendig med regelmessig skjøtsel, som slått, beiting eller rydding, for å bevare naturmangfaldet.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Solveig Kalvø Roald
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.