Kurs og konferanse
Helse- og omsorgstenester
Næring/organisasjon

Fagsamling om psykisk helse, rus og vald

Publisert 8. april kl. 14:43
|
Oppdatert 26. august kl. 14:00

Oppdatert kunnskap, informasjon om rettleiarar, døme frå kommunane og erfaringsdeling står på programmet.  


Dato
28. oktober kl. 09:30 – 29. oktober kl. 15:30
Stad
Bergen, Thon Hotel Rosenkrantz
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe
kommunalsjefar, tenesteleiarar og fagleiarar innanfor psykisk helse og rus i kommunane i Vestland, brukar- og pårørandeorganisasjonar

Program 

Du finn programmet under lenkjer. Det vert mellom anna innlegg frå Ukom, Pasient- og brukarombodet, fylkeskommunen, Nasjonalt kompetanssenter for psykisk helsearbeid og De Brukerstyrte hus. Det vert felles middag og sosialt samvær.

Deltaking på samlinga

Vi dekker dagpakkar for to personar frå kvar kommune i Vestland. Bergen kommune kan delta med fem personar. De må avklare kven i kommunen som skal delta før de melder dykk på.

Dersom det er ledig plass etter påmeldingsfristen har gått ut, vil det vere mogleg å delta med fleire. Ta kontakt med Mona Fauskanger, som du finn under «Kontaktpersonar», om dette er ønskjeleg. Ekstra deltakarar må dekke alle kostnader sjølve. Brukar- og pårørandeorganisasjonar innan psykisk helse og rus er velkomne til å delta med ein representant frå kvar organisasjon.

Overnatting

Statsforvaltaren dekker overnatting for to personar frå kvar kommune frå 28. til 29. oktober for kommunar med lang reiseveg. Dette gjeld ikkje kommunane Askøy, Osterøy, Bjørnafjorden, Alver, Øygarden og Bergen. Vi dekker også overnatting frå dagen før samlinga startar for kommunar med særleg lang reiseveg. Vi bestiller og bookar overnatting for dei som får dette dekka. Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Påmelding og frist for påmelding

Du melder deg på ved å fylle ut vårt digitale påmeldingsskjema. 

Påmeldingsfrist er 17. september.

Det er bindande påmelding. Avmeldingsfrist er den same som påmeldingsfristen. Om du treng å melde deg av, så gje beskjed til Mona Fauskanger, som du finn under «Kontaktpersonar».

Ved å melde deg på denne konferansen, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med konferansehotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Mona Fauskanger
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Vestland