Fag- og tenesteutvikling

Oppdatert 4. februar kl. 11:32

Statsforvaltaren støttar og rettleier helse- og omsorgstenestene. Målet er fagleg utvikling i tenestene og tiltak som fremmer heilskaplege planar og samordning av statlege satsingar. 

Viktige satsingsområde

Gjennom dialog, samordning og forvalting av verkemiddel skal vi bidra til kunnskapsbaserte, heilskaplege og berekraftige tenester tilpassa lokale behov.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid krev samarbeid på tvers av fagområde, tenester og sektorar. Målet er å gi heilskaplege og koordinerte tenester – både til den enkelte og dei pårørande. Kommunane har eit viktig ansvar for å oppdage, vurdere, gi behandling og følge opp personar som treng hjelp.

Tenestene skal vere tilgjengelege, ha god kapasitet og vere prega av kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis. Dei skal også utformast med vekt på behovet til brukarane.

Statsforvaltaren koordinerer og samordnar innsatsen innan psykisk helse og rus i regionen. Vi støttar kommunene i arbeidet med utvikling av tenester, innføring av nasjonal politikk, kompetanseheving, nettverksbygging, tilskot, kartlegging og tilsyn. Vi er klageinstans for innbyggarar som meiner at dei ikkje får dei helse- og omsorgstenestene dei har rett på, både når det gjeld spesialisthelsetenester og kommunale helse- og omsorgstenester.

Samansette lidingar krev samordna innsats

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding har ofte komplekse behov. Denne gruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er framleis behov for betre utgreiing, behandling og oppfølging. 

Førebygging lokalt

Lokalsamfunnet speler ei viktig rolle i førebygging. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidsplassar og fritidsarenaer er sentrale aktørar i arbeidet med å førebygge psykisk uhelse og og rusmiddelbruk.

Barn og unge

Barn og ungdom som har foreldre med alvorlig sjukdom – anten psykisk eller rusrelatert – skal få særleg oppfølging. Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for å koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette utfordringar.

For å tilby berekraftige og trygge helse- og omsorgstenester må kommunane ha tilgang på tilstrekkeleg og riktig kompetanse – og bruke ressursane effektivt og målretta. For å møte behova no og framover, må kommunane utvikle tenestene gjennom strategisk kompetanseplanlegging, systematisk opplæring og gode modellar for oppgåvedeling og organisering.

Heiltidskultur er viktig for å sikre kontinuitet, og helsetenestene må legge til rette for fagleg utvikling i alle ledd. Statsforvaltaren støttar kommunane i arbeidet med strategisk kompetanseutvikling, gjennom rettleiing, samordning og forvalting av verkemiddel.

Førebyggande helsetenester, habilitering og rehabilitering er viktige område for å fremme helse, førebygge funksjonstap og støtte innbyggarar i å mestre kvardagen. Statsforvaltaren skal understøtte kommunane i arbeidet med omstilling, differensierte og likeverdige tilbod til alle målgrupper.

Velferdsteknologi gir nye moglegheiter for å sjølvstende, tryggleik og effektivitet i tenestene – og er ein naturleg del av kommunens helse- og omsorgsarbeid. 

Statsforvaltaren støttar kommunane ved å sikre at behov og moglegheiter for rehabilitering blir vurderte før det blir gitt tenester som skal erstatte tapt eller redusert funksjon. Vi bidrar også til utvikling av forløp på tvers av tenestenivå og sektor, og implementering av lovkrav om samarbeid, samordning og koordinering.

 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.