Tilsyn på barnehage- og opplæringsområdet

Oppdatert 26. mai kl. 12:50

Barn, unge og vaksne har rett til eit trygt, godt og likeverdig tilbod i barnehage og skule. Statsforvaltarens tilsyn bidreg til at kommunar og fylkeskommunar oppfyller krava i regelverket.

Føremålet med tilsyn

Føremålet med tilsyn er å kontrollere om regelverket blir følgd, men det skal også bidra til forbetring og læring.

Sjølv om tilsynet rettar seg mot kommunen eller fylkeskommunen, er det ofte nødvendig å undersøkje kva som er praksis ved den enkelte opplæringsverksemda eller barnehagen. 

Statsforvaltaren fører tilsyn med offentlege skular og med kommunen si rolle som barnehagemyndigheit. Utdanningsdirektoratet (Udir) kan òg føre tilsyn med økonomiske tilhøve i private barnehagar.

Ulike typar tilsyn

Statsforvaltarane og Utdanningsdirektoratet fører felles nasjonale tilsyn. I desse tilsyna blir det valt ut felles tema.

Statsforvaltaren gjer risikovurderingar for å velje ut kva fylkeskommunar, kommunar og eventuelt skular som skal kontrollerast.

Ved eigeninitierte tilsyn har Statsforvaltaren større handlingsrom og kan tilpasse med utgangspunkt i lokalkunnskap, tidlegare funn eller konkrete hendingar.

Vi gjer oppfølgingstilsyn for å kontrollere om ein kommune har gjennomført pålagde endringar etter tidlegare tilsyn og om tilsynet har hatt ønska effekt.

Vi gjennomfører stadlege og skriftlege tilsyn.

Ved skriftlege tilsyn gjer vi undersøkingar og vurderingar på bakgrunn av skriftleg dokumentasjon og/eller spørjeundersøkingar.

Ved stadlege eller digitale tilsyn blir den skriftlege dokumentasjonen supplert med møte, intervju og/eller synfaringar.

Slik gjennomfører vi et tilsyn

Vi gjennomfører risiko- og sårbarheitsvurderingar fortløpande, og gjennomfører tilsyn når dette er eit riktig verkemiddel.

Det betyr at vi vurderer sannsynet for at det skjer brot på regelverket, og kor alvorlege konsekvensane kan vere for dei som er påverka.

Vi sender ut tilsynsbrev med informasjon om tilsynet og krav til innsending av dokumentasjon.

Kommunen kan klage på kravet innan tre dagar.

Vi formidlar undersøkingane våre, vurderingane og konklusjonane til fylkeskommunen eller kommunen gjennom tilsynsrapporten.

Dersom vi har avdekt moglege brot på regelverket, skriv vi ein førebels rapport som fylkeskommunen eller kommunen kan uttale seg om.

Om det er konkludert med brot på regelverket eller ikkje så skriv vi ein endeleg tilsynsrapport. 

Pålegg om retting er eit vedtak etter forvaltningslova. Fylkeskommunen eller kommunen får ein frist til å rette forholdet.

Vi avsluttar tilsynet når fylkeskommunen eller kommunen har sannsynleggjort at forholdet er retta.

Tilsynsrapporten er offentleg og vi publiserer raporten i tilsynskalenderen vår. 

Ansvarsfordeling i tilsynsarbeidet

  • Kunnskapsdepartementet har det overordnede ansvaret for tilsyn med barnehager og skoler.
  • Utdanningsdirektoratet fører tilsyn med private skular og koordinerer det nasjonale tilsynsarbeidet.
  • Statsforvaltaren fører tilsyn med offentlege skular og med kommunens rolle som barnehagemyndigheit.
  • Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med eigne og private barnehager. 
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.