Kva språk kan gi fritak?
Framandspråk kan vere til dømes tysk, fransk eller spansk. Ordninga gjeld ikkje engelsk og gir ikkje fritak frå opplæringa i faget.
Statsforvaltaren behandlar og avgjer søknader om fritak.
For å få fritak må følgjande vilkår vere oppfylte:
- eleven er eller har vore elev i eit studieførebuande utdanningsprogram
- eleven har dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre dokumenterte vanskar som gir tilsvarande utfordringar i språkfaget
- vanskane er så omfattande at tilrettelegging (tilpassingar i undervisninga) ikkje er tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter
Det kan òg gjerast individuelle vurderingar ved andre funksjonsnedsetjingar som gir liknande konsekvensar i framandspråk.
- Eleven deltek framleis i opplæringa i faget.
- Eleven får undervegsvurdering, men ikkje karakter.
- Eleven skal ikkje ha standpunktkarakter eller eksamen i faget.
- Eventuelle karakterar som alt er gitt, kan bli strokne frå vitnemålet dersom fritak blir innvilga.
Kva opplysningar treng vi
Søknaden må dokumentere at vilkåra for fritak er oppfylte. Vanleg dokumentasjon er:
- Stadfesting frå skulen på at eleven er eller har vore elev i eit studieførebuande utdanningsprogram.
- Informasjon frå skulen om kva slags tilrettelegging du har fått, og vurdering av effekten av denne.
- Sakkunnig vurdering (til dømes frå PPT) som dokumenterer vanskane og graden av dei.
- Eventuelt vedtak om individuell tilrettelegging, eller vurdering som viser at slik tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg.
Eleven kan velje å søkje sjølv, men må da sjølv sørge for å leggje ved dei nødvendige vedlegga frå skulen. Det vanlegaste er derfor at skulen søkjer på vegner av eleven.
Skullen eller eleven sjølv kan søke
Vi tilrår at søknaden blir sendt via skulen, slik at nødvendig dokumentasjon blir lagd ved. Ordninga har eigne skjema:
Elevar i studieførebuande utdanningsprogram (vidaregående opplæring) kan få fritak frå vurdering med karakter i framandspråk.