Skal du vidaresende ein klage?
Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak etter opplæringslova og privatskulelova.
Vi behandlar blant anna klager på
- nærskole
- skyss
- individuell tilrettelegging (medrekna individuelt tilrettelagt opplæring, personleg assistanse og fysisk tilrettelegging)
- bortvising
- permisjon
Klagaren sender klagen til skuleeigar som har behandla saka og gjort vedtaket.
Skuleeigar vurderer klagen først: Dersom de opprettheld vedtaket, sender de saka vidare til endeleg behandling hos Statsforvaltaren via saks- og arkivsystemet.
- enkeltvedtaket som det er klaga på
- sjølve klagen
- skuleigars svar på det klagaren er usamd i
- anna dokumentasjon som er innhenta i samband med klagebehandlinga
Få godkjent eit privat skuleanlegg
Vi godkjenner skuleanlegga til private skular. Skulane må søke Statsforvalteren om godkjenning av anlegga innan 15. mai. Vedtaket vårt må leggast ved når skulen søkjer Utdanningsdirektoratet om driftsløyve. Fristen for å søkje driftsløyve er 15. juni.
Vi oppmodar om at dokumentasjonen blir sendt samla:
- Godkjenning frå Helsevernetaten eller tilsvarande myndigheit. Kommunen må i si godkjenning greie ut om kva spesialrom skulen har, og gjere ei vurdering av desse, mellom anna krav til tryggleik, akustikk, luft og lys.
- Ferdigattest eller bruksløyve frå kommunen.
- Dersom skulen leiger lokale til den ordinære opplæringa, må avtale om leige av skulelokale leggast ved.
- Skildring, målsette planteikningar og fotografi slik at vi kan vurdere om skuleanlegga er eigna til undervisningsføremål.
- Teikningar og fotografi som viser at skuleanlegga ligg samla.
- Teikningar og fotografi som viser at uteareala er tilfredsstillande.
- Avtalar om leige av spesialrom, dersom skulen ikkje har eigna lokale sjølv, f.eks. gymsal/idrettshall, symjehall, skulekjøken, laboratorium osv. Dokumentasjon på at romma tilfredsstiller krava som blir stilte til slike rom.
- Ei søknad om godkjenning av skuleanlegg, som gjer greie for og skildrar skuleanlegget. Skildre kva delar av anlegget skulen søkjer godkjenning for. Dette er særleg viktig dersom fleire rettssubjekt nyttar dei same lokala.
Dersom skulen ikkje har oppfylt eventuelle vilkår eller føresetnader som er gitt i Statsforvaltaren si godkjenning av skuleanlegg innan fristane, er ikkje skuleanlegget godkjent.
Send oss søknaden på e-post. Adresse finn du i det blå feltet heilt nedst på sida.
Les meir: Statsforvalterens godkjenning av privatskolers skoleanlegg (udir.no)
Treng du hjelp?
Vi rettleiar kommunale, fylkeskommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova.
Tilsyn
Les meir om korleis vi fører tilsyn her: