Gjødselbrukforskrifta
Gjødselbrukforskrifta trådde i kraft februar 2025, og har reglar for lagring og bruk av gjødsel. Formålet med forskrifta er å legge til rette for god utnytting av gjødsla utan at det bidreg til ulemper for helse og miljø. Forskrifta kom med nye reglar for spreiemengder og spreietidspunkt. Den stiller også krav til gjødslingsjournal, i tillegg til gjødslingsplan.
Det er kommunen som behandlar søknader om godkjenning av spreieareal m.m. Statsforvaltaren er klageorgan for vedtak kommunen har fatta etter gjødselbrukforskrifta.
Spørjeundersøking - beredskap
Hausten 2025 sendte Statsforvaltaren i Rogaland på vegner av landbrukspartnarskapet ut ei spørjeundersøking til søkjarar av produksjonstilskot som driv med enten svin, fjørfe eller mjølk i Rogaland, omtrent 1500 føretak. Føremålet med undersøkinga var å få eit bilete av kor sårbar matproduksjonen er, og kva tiltak som må gjerast for å styrke beredskapen i landbruket.
Kartlegginga avdekka store utfordringar knytt til bortfall av krisekritiske innsatsfaktorar som straum, vann, diesel og internett. Over halvparten av dei spurte føretaka manglar fast tilgang på aggregat for naudstrøm for å sikre drifta ved straumstans.