Eg ønskjer å byte turnusregion
Dersom du ønskjer å byte turnusplass, må du sjølv finne ein person å byte med. Dersom du vil byte med ein turnusfysioterapeut frå ein anna region, må begge kandidatane som inngår i bytet, sende skriftleg melding til:
- regionansvarleg Statsforvaltar i regionen de byter frå v/ postmottak
- regionansvarleg Statsforvaltar i regionen de byter til v/ postmottak
- utdanningsinstitusjonen de kjem frå v/ postmottak
- utdanningsinstitusjonen til den de byter med v/ postmottak
- turnuskomiteen ved utdanningane de kjem frå
Frist for å byte turnusregion er 24. oktober 2026.
Eg ønskjer å søkje om særplass eller å utsetje turnustenesta
Dersom du har særlege behov eller er i ein spesiell situasjon, kan du søkje om særplass. Du sender søknaden til den regionansvarlege statsforvaltaren i din turnusregion.
Frist for å søkje om særplass er 10. oktober 2026.
Dersom du på grunn av særlege grunnar må søkje om å få utsett turnustenesta, sender du søknaden til den regionansvarlege statsforvaltaren i turnusregionen du tilhøyrer.
Slik finn du riktig turnusregion
Dei regionansvarlege statsforvaltarane koordinerer arbeidet med turnusordninga og samarbeider med utdanningsinstitusjonane, alle statsforvaltarane og Helsedirektoratet. Her kan du sjå kva region du tilhøyrer:
Turnusregion Nord omfattar Finnmark, Troms og Nordland.
Her er Statsforvaltaren i Troms og Finnmark regionansvarleg.
Turnusregion Midt-Vest omfattar Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.
Statsforvaltaren i Vestland er regionansvarleg.
Turnusregion Sør-Øst omfattar Oslo, Akershus, Østfold, Innlandet, Vestfold, Buskerud, Telemark og Agder.
Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus er regionansvarleg.
Slik førebur du deg til turnustenesta
For å gjennomføre turnustenesta må du ha turnuslisens. Du må sjølv søkje om turnuslisens. Dersom du har spørsmål om turnuslisens og autorisasjon, må du ta kontakt med Helsedirektoratet.
Det er viktig at du gjer deg kjend med regelverket før turnustenesta. Nyttige lenker er:
Alle statsforvaltarane arrangerer kurs
Alle statsforvaltarane arrangerer kurs i offentleg helsearbeid for turnusfysioterapeutar. I god tid før kurset får du informasjon om kurset. Vi held også kurs for rettleiarar for turnusfysioterapeutar.
Viss du treng å snakke med oss, kan du ringe:
Telefonnummer
55 57 27 00
Telefontider
Våre telefontider er tysdag, onsdag og torsdag 12.00 til 14.00.