Regional beredskap

Oppdatert 24. februar kl. 15:39

Statsforvaltaren legg til rette for samarbeid mellom beredskapsaktørane i fylket. Saman bidrar vi til at samfunnet er godt budd på kriser og uønskte hendingar. 

Samordningsansvaret til Statsforvaltaren

I ei krise skal Statsforvaltaren ta eit regionalt samordningsansvar. Vi samarbeider tett med kommunar, politiet, helsemyndigheiter og andre beredskapsaktørar. Vi rapporterer dessutan til nasjonale myndigheiter.

I det daglege samordnar vi beredskapsarbeidet i fylka og held oversikt over risiko og sårbarheit.

FylkesROS – risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket

FylkesROS gir oversikt over dei største trugslane og utfordringane i fylket. Analysen tar for seg naturhendingar, store ulukker og uønskte hendingar.

Analysen er eit viktig verktøy for å prioritere tiltak og ressursar i beredskapsarbeidet. Den er også eit kunnskapsgrunnlag kommunen kan bruke i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap heilskaplege risiko- og sårbarhetsanalyser.

Regionalt samarbeid

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av dei viktigste regionale aktørane i beredskapsarbeidet i fylket. Kven som møter i rådet, kjem an på kva type krise eller hending det er snakk om.

Fylkesberedskapsrådet skal legge til rette for godt samarbeid, ei felles forståing for utfordringane i fylket og kjennskap til ansvarsområda til dei ulike medlemmane. Statsforvalteren oppnemner medlemmar og leier møta i rådet. Heile rådet skal møtast minst éin gang i året, og når det er behov for å samordne handteringen av kriser.

Fylkesberedskapsrådet i Møre og Romsdal

Avinor
Bane NOR
BUF-Etat Midt Norge
DSB - Møre og Romsdal Sivilforsvarsdistrikt
Forsvaret - Møre og Fjordane HV-distrikt 11
Forsyning av varer
Frivillige organisasjonar - Møre og Romsdal Røde Kors
Frivillige organisasjonar - Norsk Radio Relæ Liga
Frivillige organisasjonar - Norsk TotalforvarsForum
Frivillige organisasjonar - Redningsselskapet Møre og Romsdal
Helsevesenet - Helse Midt-Noreg RHF
Helsevesenet - Helse Møre og Romsdal HF
Kartverket Molde
Kraftforsyninga sin beredskapsorganisasjon (KBO)
KS Møre og Romsdal
Kyrkja - Møre bispedøme
Kystverket
Mattilsynet
Møre og Romsdal 110-sentral KF
Møre og Romsdal Fylkeskommune
NAV Møre og Romsdal
NHO Møre og Romsdal
NRK Møre og Romsdal
NVE - Region Vest
Politiet - Møre og Romsdal politidistrikt
Statens Vegvesen
Telenor
UDI

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.