Kven kan be om lovlegkontroll?
Tre eller fleire kommunestyremedlemmer kan be Statsforvaltaren vurdere om eit kommunalt vedtak er lovleg. Statsforvaltaren kan også, på eige initiativ, gjere lovlegkontroll.
Slik går de fram
Tre eller fleire kommunestyremedlemmer skal først, skriftleg, be kommunen sjølv vurdere eige vedtak. Om kommunen står fast ved vedtaket, skal kommunen be Statsforvaltaren gjere ei lovlegkontroll av vedtaket.
Statsforvaltaren kontrollerer at vedtaket er gjort på lovleg vis, av riktig organ, og at innhaldet i vedtaket er i samsvar med gjeldande lovar og reglar.