Lovlegkontroll

Oppdatert 25. mars kl. 11:13

Tre eller fleire kommunestyremedlemmer kan be Statsforvaltaren kontrollere at vedtaka til kommunen er lovlege.

Kven kan be om lovlegkontroll?

Tre eller fleire kommunestyremedlemmer kan be Statsforvaltaren vurdere om eit kommunalt vedtak er lovleg. Statsforvaltaren kan også, på eige initiativ, gjere lovlegkontroll.

Slik går de fram

Tre eller fleire kommunestyremedlemmer skal først, skriftleg, be kommunen sjølv vurdere eige vedtak. Om kommunen står fast ved vedtaket, skal kommunen be Statsforvaltaren gjere ei lovlegkontroll av vedtaket.

Statsforvaltaren kontrollerer at vedtaket er gjort på lovleg vis, av riktig organ, og at innhaldet i vedtaket er i samsvar med gjeldande lovar og reglar.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.