Før du søker
- Du treng to vitne som kan stadfeste at de har budd frå kvarandre i minst to år. Du må ta utskrift og og fylle ut ei vitneerklæring. Dei to vitna dine signerer vitneerklæringa. I det digitale skjemaet lastar du opp ei skanna og signert vitneerklæring. Skjemaet for vitneerklæring finn du her:
Vitneerklæring (nynorsk) (pdf)
Vitneerklæring (bokmål) (pdf) - Dersom ekteskapet blei inngått i utlandet, må du leggje ved vigselsattesten. Dette gjeld ikkje dersom de gifta dykk på ein norsk ambassade i utlandet eller i ei norsk sjømannskyrkje.
- Dersom de har felles barn under 16 år, må du leggje ved ein meklingsattest. Les meir om mekling på nettsida til Bufdir.
Søk om skilsmisse etter samlivsbrot
Logg inn med ID-porten for å kome til søknadsskjemaet (Altinn).